søndag 22. april 2012

Reprise på tomatbasen

Det er rart med det; når ein bloggar tek ein bilete langt nedi maten. Og når vekene fyk, og bileta endeleg vert lagt over på pcen, er halve herlegheita oppeten. Eg har blogga om denne smørja før og ho er så genial at eg viar ho spalteplass nok ein gong. Framgangsmåten finn du her om du skulle ha god tid og ingrediensane tilgjengeleg, samt plass i fryseboksen.

Det eg til no har brukt av denne ladninga, har blitt til pizza. Ganske ok å tenkje på at både selleri og gulrøter har stupa ned i gryta og blitt til pizza-materiale.

torsdag 5. april 2012

Påskebodskap oppå ein bolle


Me er i påskeveka. Det er sikkert mange som er på fjellet eller andre stader, men her i heimen "held me fortet" utan bil. Og då kan det bakast! I alle fall litt, no når sandkasse-sanden er blaut. Det vart eit brett med 12 engelske påskebollar i forsøk på å laga noko som kunne peila meg inn i påskemodus. Halverte denne oppskrifta frå bloggen Marias salt og søtt. Resultatet vart ganske ok. Eg brukte målebeger for å måle vekt, så det vart nok litt "på slomp". Mangla noko av krydderet som skulle oppi, men kompenserte med dei eg hadde i skapet. Neste gong ville eg kanskje hatt dei litt søtare. Dei vart litt semi-rundstykke, om de skjønar kva eg meinar. Men med Millom-brunosten min, kan vel dette gå godt?

lørdag 17. mars 2012

DIY: Trappereir

Ein skulle tru at pcen min var teipa saman etter sist innlegg på grunn av skjermfri veke og slike ting, men slikt  er altså ikkje tilfelle. Kanskje til neste år...?

Påska nærmar seg og eg har laga eit reir for trappa/terassen. Enkel sak, men krev berre litt tid og eit minstemål av musklar. På same måte som trappetreet, er det lurt gå i gang med eit slikt prosjekt før blada sprett.


Du treng:
(Levande) kvistar (gjerne bjørk for større volum)
Tynn ståltråd.

Utstyr:
Lita hagesaks
Gummihanskar (dette prosjektet slit litt på hendene).


  1. Ein startar med å lage ein ring av nokre kvistar (forskyv den eine noko i forhold til den neste). Når du tykkjer at lengda er fin, samlar du han til ein ring med ståltråden. 
  2. Vidare byggjer ein på, lag for lag. Eg ville ha mitt reir høgare enn breitt, difor bygde eg på kransen på toppen og ikkje på sidene. 
  3. Når kransen er stor nok, kan du vurdere om du skal fletta inn nokon form for pynt. Eg brukte nokre lerkekvistar med konglar på.
  4. Fest ståltråden på undersida. 
 Dersom du har eit sinkfat/krukke til å setje inni reiret, kan det brukast som ei blomsterpotte.

Så då er det berre å gå tre på seg regnbuksa og ta turen ut i skogen væpna med hagesaks.
Lukke til!

fredag 24. februar 2012

DIY: Tape er gøy!


Eller kanskje det heiter teip no? Har ikkje oppdatert meg hos Språkrådet i det siste. Fekk ein gjeng med washitape i posten her om dagen. Det er vel ikkje nokon bombe at dei kom frå ein Etsybutikk. Butikken heiter Kawaii Goodies og har tons of fine taperullar. Eg endte då opp med desse (Alle kjøpt på Etsy utanom den kvite med mintblå prikkar - den kjem frå Panduro). Pandurotapen verka "fastare i fisken"  i forhold til dei andre og er kanskje litt vanskelegare å klistre på ei overflate som ikkje er heilt flat.



Eg brukte eit høgt glas, samt nokre barnematglas. 
Vaska og tørka dei godt før eg starta dekoreringa. 
 Noko som var fint med tapen, var at det gjekk fint an å prøve og feile (altså flytte på tapebitane) utan at dei vart øydelagd.
Det går godt an å klippe tapebitane på langs for å få tynnare striper. 

Som de ser, har baksida på mobilen min òg fått litt tape på seg.

Håpar washi-døgnfluetrenden varer til sauen min (sjå forrige innlegg) er stor nok til å klistre sjølv. Kanskje eg må handla inn eit svært tape-depot som kan liggja klar i eit bomberom (a la "Rik på rabatt" på TLC)  til alderen er der og me kan gå i gang med å dekorera glas med traktor på (ops.. har visst allereie tørrtrent på det).

 




søndag 19. februar 2012

Uklar sau

Denne veka var me på karneval. Det vil sei: berre ein av oss var utkledd. Det stod mellom sau og traktor. Og sidan eg berre hadde ein halvtime til å sy kostyme, vart det enklast med sau. Kanskje traktor neste år? To saueøyre og hale sydd av kvitt pelsstoff. Øyrene festa eg med sikkerhetsnåler på ei hettehue eg hadde kjøpt på ull-salg på slutten av sist vintersesong. Skinntøflar fungerte som "klauer". Guten sjølv (som har kalla alle på fire føter for "bæ" siste halvåret) lyste opp då han såg seg sjølv i spegelen. Bæ! Og så sette sauen opp eit voldsomt tempo som gjorde det umogleg å knipse klare bilete. I alle fall for meg!

fredag 17. februar 2012

Endå ein barselgåve

Sist helg var me på Sørlandet. Der trefte me ei lita sjel me ikkje hadde møtt før. Og ho fekk Myk Start-kjole (vest i boka) i svakrosa silkealpakka frå drops. Den litle eigaren bryr seg heilt sikkert om det, men mora kan sikkert vere interessert i at kjolen bør vaskast med andakt (!).

Elles er eg litt i symodus. Har klippa opp stoff til fire puter no. Enkelt og greitt. Passar på ein fredag når helga slår inn.

No står forresten vinterferien òg ute på trappa. Trur eg får gå og sleppa han inn.
God ferie/helg til deg!

søndag 5. februar 2012

Sunday, sunday people

I dag har me hatt litt slekt på middagsbesøk. Pølser og pizzahorn med salat kunne passa for store og små. Det er rart korleis det er - sjølv om huset var i orden og helgevaska på torsdag, er det mykje som må ordnast før det er presentabelt på sundagen. Lurar på om andre folk òg føler at dei må drive å rydde og vaske så voldsomt i timane før eg kjem på besøk...? For det treng dei ikkje! (Hint hint til de som får helgebesøk av oss snart).

I snøveret var det herleg å halde seg innandørs. Men no kjenner eg at bekymringa kjem snikande om korleis eg skal kome seg på jobb i morgon tidleg dersom snøkrana ikkje vert skrudd av der oppe. Kan fort bli kaos på vegane.

Apropos kaos. Under ser de eit utsnitt av stovegolvet etter dagens party. Det vitnar om eit visst nivå av leikeglede, men òg om eit tilsvarande høgt nivå av etterarbeid.