fredag 30. desember 2011

Shabby eller ikkje? Etsyanske julemerkelappar


Etsy er gøy. Det har de høyrt før. Eg trur ikkje det er mange i mitt nettverk som aldri har høyrt meg trekkje fram Etsy i ein eller anna samanheng. Og Etsy er nyttig. I alle fall i førjulstida kor ein kan gjere unna litt "julestri" på nettet. I år kom det både ein del julegåver og jule-equipment flygande over både Atlanterhavet, Nordsjøen og kanskje andre sjøar òg. Kva veit vel eg om flyrutene... Kanskje dei tek ein sving over Lappland?

 
I år la eg planar for julegåvemerkelappar allereie i slutten av november. Valet fall på desse lappane Etsybutikken  
Sånn stilmessig er eg eigentleg ikkje så shabby, men akkurat desse syntest eg passa godt til gråpapir som innpakkingspapir.


Alle bileta er henta frå Etsybutikken til Shabby Pea Design.

Og så var det berre note to self til neste år:
Bestill merkelappane litt tidlegare enn 20.november slik at skuldrene ikkje går høgare opp enn nødvendig...

lørdag 24. desember 2011

Viss Josef og Maria var på facebook...


Jula er her. Me har vore i kyrkja og høyrt om Han som kom! Tenk viss Josef og Maria var på Facebook. Bruk fire minutt på denne snutten for å kome inn i den rette julemodus. Ønskjer deg ei god jul!

fredag 23. desember 2011

Jul i Fisher Price-land

Her er avdentsleiken vår. Bestilte denne julekrubba i god tid på Ebay (Grrr. Minnar meg om at eg framleis ventar på snøkrystall-kakeformer som skulle vore brukt i julebaksten...). Som de ser er mest alle dei viktige rollane i juleevangeliet representert. Einaste er gjetarane som manglar til alle dyra. Men Josef liknar jo litt der han står. Me leikar aktivt, så i løpet av desember, har dei forskjellige figurane vore på ferie. Nokon under sofaen, medan andre har teke seg ein tur på badet. Josef har hatt lengst ferie. Det var ei stund eg var redd at Maria måtte skifte alle bleiene, men her om dagen kom han vandrande tilbake, klar for å ta ansvar igjen. Og jammen meg; Like etter hadde dei små hendene teke med seg Maria på ukjent husmorferie! Men som de ser, så kom ho tydeleg tilbake til fotoshooten. På krubbetaket er det ein liten knott kor alle figurane kan setjast. Mor tenkjer det er mest naturleg at engelen står der oppe og syng sitt GLORIA, medan julekrubba sin eigentlege eigar gjerne vil testa ut både "Bæ" og Jesus på taket.

Ei veldig kjekk leike!

onsdag 21. desember 2011

GILD i øyra

I haust har eg, som mange andre her inne, opna ein EPLA. Så no går det i buttons-øyredobbar a la Dolly Duck og Minni Mus. Brukar dei øyredobbar forresten?? Jaja, dei hadde no sikkert brukt desse viss dei hadde hatt hol i øyrene.

søndag 18. desember 2011

DIY: Mjuk juletrepynt


Me sveivar like godt i gong med ein DIY midt i julestria. Eksamen er over for min del, så det som står att før jul er til å leva med.

Det blir fyrste året med juletre i år. Ein kan spørje seg om det er eg som har har halde meg unna treet, eller treet som har halde seg unna meg No står det i alle fall eit heilt ok tre i garasjen og ventar på å få koma inn. Eller kanskje det skjelv i nålene og håpar på å få sleppe å stå og henge og halde på juletrepynt i eit par veker? Med ein liten trave som spring rundt og dreg ut og flyttar (og knuser) alle ting som står i skap/skuffer og vinduskarmar, skal dette med juletre verte ekstra spanande. Eg må nok innsjå at draumen om å få ta i bruk juletrekulefangsten frå fleire turar på Weihnachtsmarkt i Berlin kanskje ikkje blir oppfylt i år. I såfall må dei hengje høgt. Nedst skal me pepra treet med mjuk pynt som kan drassast rundt i huset opp til tjue gonger om dagen uten at dei har vondt av det. Og det er her sukkertøystavar, eller candy canes om du vil, kjem inn i biletet.

Slik gjer du:
1. Lag eit mønster. Enkelt og greitt. Mitt var ca. 15 cm på langs. Eg teikna sukkertøystaven breiare i begge endane for å få ein slags "slengbukseeffekt". Legg mønstert på skrå på eit raudt- og kvitstripete stoff (eg har kjøpt mitt på Ikea for ei stund sidan). Teikn rundt mønsteret.



2. Sy på streken du har teikna opp. La botnen stå open. Klipp ut staven med omlag ein halv cm ekstra stoff utanfor saumen.Vreng. Bruk gjern ei litt tjukk heklenål til dette.




3. Fyll med vatt. Brett inn kanten nede og sy saman.





4. Heng stavane nedst på juletreet slik at små hender kan stikke av med dei utan at noko skade er skjedd.

fredag 28. oktober 2011

Pom poms united

Me får ta det som eit godt teikn at det er/har vore stilt her inne. Me får seie det slik at me i haust har andre ting å drive med enn å henge timevis på nettet og blogge. Litlegut har runda året. Det er over ein heil månad sidan faktisk. Me gira på med to selskap midt i ei travel veke. Note to self: Legg selskapa til ei helg neste år... Det vart svensk fargetema med rutepapir på bordet og pom poms i taket.Vitskapen om pom poms er eit forholdsvis nytt fenomen her i heimen. På youtube ligg det ørten videosnuttar om korleis dei lagast. Blant anna denne. Minuset med å ha pom poms over bordet, er at ein ikkje kan ha høge lys tent under... Eller teoretisk sett kan ein jo, men me vil heller ha selskap enn å slokke brann.

mandag 19. september 2011

Bill.mrk: Bamse søkjer full merksemd

Denne karen har flytta inn i huset. Kom inn som lange Drops Paris-trådar, men jammen meg har han fått knytta seg saman til ein liten kropp. Det likevel er ikkje så lenge han får sitje i vindauge og følgje med på det dynamiske nabolaget. Han skal pakkast inn og koma ut igjen i heimen når litlemann fyller 1 år om ikkje så mange dagane. Eg håpar at dette kan bli favorittbamsen (i staden for den "flyssa" han har no). Med denne kan me jo laga klede slik at han kan bytta stil i ny og ned. Det er litt verre med "flyssa" som kun er eit bamsehovud festa på ein klut.... Nokon som har erfaring med sauehald? Dersom ein sau har trillingar og ein sau som kun har eit lam, kan ein prøva å få den sauen som har tre til å adoptera vekk eit til han med med det eine. Denne prosessen med å "vengje under" inneber å få adoptivlammet til å lukte slik at sauen blir lurt til å tru at det er sitt eige.

Eg er enno i tenkjeboksen om korleis eg skal få same innbarka lukt i denne bamsen som i den noverande flyssefavoritten... Tips?

Litt fakta på tampen:
Pinne: 4,5 (sokkepinnar)
Garn: Drops paris, ganske nøyaktig to nøster
Oppskrift: Isbjørnen Otto, kjøpeoppskrift på Ravelry
Comment: Så godt som ingen montering. Bra!

fredag 16. september 2011

....Then we take Berlinnn

Sidan sist har dette hendt: Kamera har vore på reparasjon, eg har vorte student og me har vore på ferie i Berlin.

Alt utanom det midterste er no i boks, fullført og i orden. Studielivet strekk seg naturleg nok over heile hausten. Utfordring å få til å vere både fulltidsstudent og fulltids stay-at-home-mum. Men alt går på eit vis, og kveldane har i det siste blitt brukt meir til lesing og oppgåveskriving enn til kvalitetstid med strikkepinnane. Litt har det vel blitt. Kjem ikkje på noko akkurat nå (...dårleg teikn). Det eg veit, er at eg har ein søt ein, som heng fast i bambuspinnar nr. 4,5. Han manglar øyre og ein arm. Vent og sjå!

Bilda overfor er frå Berlin, kjekkaste storbyen i Europa. Har vore der fire gonger no (3 gonger på langhelger). Denne siste vart oval i begge ender. Gøy for store og små! Turen vart bestilt rundt ei halv veke før me reiste. Akkurat det trur eg kan karakteriserast som rimeleg impulsivt... Eg koste meg med Balzac coffee på kvart gatehjørne. Me leide blant anna syklar i Potsdam og susa gjennom flotte parkar med store slott. Anbefalast. Sykkeltralle til minstemann hadde dei òg.

Eg hadde tenkt meg innom stoffbutikken til Frau Tulpe, men det vart det dessverre ikkje til. Jaja, så lenge Norwegian har direkterute frå Sola til Berlin, er det vel berre å slå til igjen.

onsdag 17. august 2011

Verdas søtaste selebukseoppskrift: On the Go-verall

Ravelry er og blir eit utømmeleg hav av fine oppskrifter. På under ei veke har ein On the Go-verall blitt prestert ut av forholdsvis tjukke pinnar. Herleg når ting går fort! Og eg har ikkje direkte sete 24-7 og strikka. Eigaren av dei nye buksene er vel heller han som me brukar tida på. Alt skal sjekkast ut, vaskemaskinen inkludert.

Litt facts:
Selebuksa er strikka i Drops Nepal (blanding av ull og alpakka - trur garnet passa ganske så godt til oppskrifta.). Brukte pinnee nr. 5,5. Til str. 12-18 mnd brukte eg 5 nøster. Buksa finst i størrelsar frå nyfødd til 3 år. Og det beste av alt - oppskrifta er gratis (free ravelry download). Eg har strikka selane litt lange, slik at eg kan flytta knappane når det trengs. Føreløpig kan rillekanten nedst vere oppbretta. Då har me nokre centimeter å gå på den vegen òg. Kjekt det. Tida står jo liksom ikkje stille.

Som hjelp til å forstå oppskrifta (som er på engelske), brukte eg denne sida.

Takk til dama (mest sannsynleg...) som har delt denne fine oppskrifta med oss alle! Eg er kjempegira på å strikka fleire, gjerne i friskare fargar. Knappane er sponsa av ei forenings-/barseltreffvenninne. Takk for djupdykket i farmorknappane dine!!

fredag 12. august 2011

Duskehue til ein liten ny ven

Litletassen har testa ut ei hue for meg. Han måtte liksom sjekka om ho funka i oppoverbakke. Trapper er tingen for tida. Kjekt med trappegrinder (dersom ein hugsar å lukke dei att...) Mottakaren er ein nesten-namnebror som er hakket yngre (og mindre). Veldig søt type, etter det eg har sett på bilete. Hua er av typen lettstrikka babylue  i ullsilke frå Nøstebarn.

mandag 8. august 2011

Fadderbarnet vårt har det best (?) med MILOvest

På ei Ravelry-runde tidlegare i sommar, kom eg over Milovesten. Eg var ute etter ei gåve til ei god jente som skulle fylle to år no i august. Og i haugane mine med garn, var det ikkje vanskeleg å finna ein fin fargekombinasjon både eg (og forhåpentlegvis det søte fadderbarnet mitt) kunne leve med. Eg skippa altså mønsterfletta og satsa på fargemønster i staden. Er godt nøgd med det. Ein får håpe at eg ein annan gong får "giren" til å følgje mønsteret til punkt og prikke. Oppskrifta inneheld framgangsmåte på vestar frå str. nyfødd til 6 år, så her er det mogleg å kle opp alt og alle som ikkje har vore borti Kunnskapsløftet (ja, seksåringane er vel einaste unntaket, då). På grunn av garntjukkelse og dermed óg tjukkare pinnar (tippar 4,5), vart 9 mnd-oppskrifta tilsvarande 2 år. Vesten er no kome rette vedkommande i hende. Satsar på suksess i barnehagelivet!

mandag 18. juli 2011

Erteposar er inne i dårleg ver


Det er tydelegvis innever denne sommaren. På trass har eg siste dagane bada tre gonger, to av desse i regnver...

Og kva skal ein finne på når skyene vrir utav seg alt dei har? Jo, leike med erteposar! Dei minste representantane kan lyfta på dei, bita i dei og testa ut korleis det høyrest ut når dei dett i golvet. Dei større representantane (den mannlege utgåva), kan triksa med ein som om det var ein fotball. Då er gjengen sysselsatt for ei stund. Godt!

Med det same symaskinen var varm og innkjørt etter lappeteppet, brukte eg stoffrestane til å mekke saman 8 erteposar. Enkelt og greit. Viss eg ikkje huskar feil, målte stoffbitane 13 x 15 cm. Brukte gule erter. Sydde til slutt ein saum ytst på kanten for å gjere dei ekstra solide.

fredag 8. juli 2011

"Fordom og stolthet"


Eg er som kjent ein passiv ven av symaskinen. Denne veka har eg prøvd å ta kontakt igjen. Gamle jernmaskinen har ein tendens å bare ville sy bakover i periodar. Då fell i alle fall motivasjonen min. Eg har med andre ord hatt fordommar den siste tida mot å setje i gang å sy. Etter å ha teke eit rydderaid i hobbyavdelinga mi, ser eg jo at stoffa hopar seg opp. I vinter bestilte eg til dømes ein god del stoff frå Stoff og Stil som eg tenkte å laga eit vattert teppe til å ha i botnen av leikegrinda. Tida gjekk og fordommane mot symaskinen hopa seg opp. I mellomstunda vart veslemann ein "freestyler" på golvet og leikegrinda er brått ikkje like mykje brukt lenger.

Her ein kveld rusta eg meg til kamp, dunka til jernmaskina og fekk ho til å sy framover igjen. Fekk hjelp til å kome i gang med syinga frå framgangsmåten Strikkeprinsessa har lagt ut. Eg valde å ikkje ha kant rundt teppet, slik det er skildra i tutorialen. Eg brukte 35 lappar á 25x25 cm., altså 7x5 ruter. Leikegrindteppet gjekk altså utover sine breiddegrader og vart eit teppe i overkant av 110 cm x 150 cm. Er no ganske stolt! Har allereie klippa ut til eit nytt, litt mindre.

Og så er det bare å venta på at Mr. Darcy skal koma heim i frå jobb. God helg!

lørdag 2. juli 2011

Robin Hood - heltar i ribbebukse

Salet på utgåande nøstebarngarn gjekk meg ikkje hus forbi. Eg har faktisk vore borti det to gonger. Fyrst på nett, og brått vart det óg "Live in Bergen". Den blå er strikka i str. 2-4 (trur eg). Det var i alle fall den minste oppskrifta i 3-tråds i oppskriftsboka. Den får me leggja på hylla ei stund til og satsa på at ribbebukser ikkje går av moten... Prøvde meg óg på å laga ei mindre. Det gjekk heilt fint. Passa akkurat ut med eit nøste på 100 gram. Har meir 3-trådsgarn på lager. Lurar på å strikke ei i gult. Trur det kan bli fint på Robin Hood.

Mesteparten av desse buksene vart til undervegs på Sverige- og Danmarksturen. Godt kjørestrikketøy for høg hastigheit...

tirsdag 28. juni 2011

DIY: Uro med over middels interessante figurar

 Me har vore sjuke. Trass ullbodyar og andre stabile ting i livet, har basillane lurt seg inn i oss, både liten og stor.

Energien er omsider på veg tilbake igjen. Då passar det seg med ein DIY som vart til no i kveldinga. Kvar gong eg ryddar i hobbykroken min, dukkar det opp skjulte depot av crafting stuff. Denne gongen fekk eg augo opp for alle dei fine papira eg har på lager. I dag vart det ein uro som vesleguten skal ha i vinduet på rommet sitt. Her i huset er me over middels interesserte i forhaustarar og pelsdyr. Difor denne litt uvanlege kombinasjonen. De som vil prøva dykk, lagar så klart uro med utgangspunkt i den figuren/tingen familien din brenn for....

Du treng:
Tjukt papir i ulike fargar.
Lim
Saks
Spiss, litt tjukk nål
Sytråd

Papiret som utgjer størsteparten av figuren, bør vere ganske stivt (nesten som kartong) og ha mønster på begge sider. Då slepp du å klippa ut to + får to fine mønster. Mine papir har ulikt mønster på dei to sidene.

1. Planlegg kva for figurar du ønskjer å ha med i uroen din.

2. Teikn figuren på eit ark og klipp ut.

3. Finn eit ark med ein passande kontrastfarge og klipp ut doble deler (fram og bakside) der du ønskjer at figuren skal framhevast (F.eks. nase og hale, som på reven). Lim desse fast.

4.Knyt saman figurane. Dersom figurane er breie (som reven), lagar festar du tråden i to hol i staden for eit (sjå biletet under). Eg tykkjer det er fint om figurane vert bunden saman ganske tett.

5.  Heng opp i vinduet eller på veggen.
Link gjerne til dette innlegget dersom du skulle finne på å testa ut denne DIYen. Lukke til!

lørdag 18. juni 2011

Ullbodyfri sone: Skåne

Ja, det viser seg (på innlegget tidlegare i veka) at ullbodymanien har slått til i andre heimar enn akkurat bare her. Men som kommentarane viste, er det som regel ein liten del av året ein ikkje treng kle seg med sauen sine prestasjonar. Og om ein ikkje finn eit slikt klima i eige land, er det jo mogleg å gå over grensa. Nemner heilt tilfeldig vår bror i aust, Sverige. Me hadde ein liten turné i Skandinavia sist veke, og då møtte me definitivt på ei ullbody-fri sone i Skåne (Sør-Sverige). Viser nokre bilete frå denne herlege landsdelen som baud på 25-30 grader og skyfri himmel (Ei problemfri tid, som Bjørn Eidsvåg ville ha sagt). Me hadde base i den gamle universitetsbyen Lund. Kjempefin. Og kjekke butikkar, for dei som skulle vere interessert i slikt.

Me reiste på dagstur til den vesle øya Ven, som ligg i sjøen mellom København og Skåne. Ei mini-øy full av kunsthandverkutsalg og restaurantar. Me satte bilen igjen på fastlandet og brukte timane på øya til å vandre rundt i det koselege miljøet. Det var óg sykkelutleige med alle moglege typar syklar: Vanlege syklar, tandemsyklar, syklar med barnesykkel hekta på bak, sykkel med lasteplan og sykkel med barnetralle. Noko for ein kvart situasjon, med andre ord. Det får me prøva ut neste gong. Og då vil me overnatta. Det fanst fine mange overnattingsplassar.

I Skåne finst det mange storslagne slott. I alle fall samanlikna med eit nøkternt norsk Sør-Vestland. Me var innom to av dei. Koseleg å ete piknik i slike fine hagar! Så kan ein gløyme plenen heime, for ei stund... (Ps: Takk for god vannehjelp av ute- og inneplanter, dersom du les no!)

På tampen her må eg visa det fine hotellet me sov på fyrste natta i Sverige. Tanum gjestgiveri heiter det, og det skal visstnok vere det eldste hotellet i Sverige. Det ligg kun ein halvtime kjøring sør for Strømstad (altså ikkje Skåne, men fint likevel...).


 Dette var altså eit forsøk på å smitte de andre med Skåne-basillen. Funka det? Fortsatt god helg og evt. planlegging av ferie!

fredag 17. juni 2011

Pdf pattern party hos Sarah London denne veka!

Alle bilete henta frå www.sarahlondon.wordpress.com

Hekling er óg gøy. Har lenge fylgd bloggen til ei hekledame i Australia. Sarah London. Det er sikker fleire av dykk som kjenner til henne. Ho gjev ut oppskriftsheftet Hip to hook i digital utgåve med jamne mellomrom.

Har faktisk aldri kjøpt oppskrifter frå henne, sjølv om eg har vore veldig på nippet nokre gonger. Det svake ankepunktet har vore at eg ikkje visste kor mykje ein Australsk dollar var... Oppdaga i går at Sarah London har Pdf pattern party denne veka, kor ein kan kjøpe 10 enkeltoppskrifter for 10 Australske dollar. Dersom du ynskjer 20 oppskrifter, blir det 20 AUD. Enkel matematikk som sjølv ein lærar kan forstå. Dette er med andre ord eit veldig godt tilbod. Til vanleg ser eg at oppskriftene kostar ca. 5 AUD.

Det fungerer slik at ein sender ein e-post med  dei oppskriftene ein ønskjer. Deretter får du tilsendt eit money request frå henne via Paypal. Når dette er registrert, skal oppskriftene koma hoppande inn i innboksen som søte kenguruar frå Down Under. Dette har eg altså gjort. Gledar meg til å setje i gang! Eg trur oppskriftene kan brukast som inspirasjon og utviklast vidare til det eg måtte få lyst til å lage.

Sidan eg er queen of restegarn, blir kjøpet rettferdiggjort med at eg kanskje kan få brukt opp noko av realkapitalen som ligg i korgene på loftet.

Og no har eg forresten funne ut at 10 AUD er ca 59 NOK, så då kan du rekna sjølv kor mykje 1 AUD kostar i norske ;)

onsdag 15. juni 2011

Ullbodymani og litt om å halde seg på matta med lange vrangborder


I dag feirer me ny leikematte. Små føter får betre feste på den enn på den harde parketten. Skal sjå at det kjem til å bli strikka nokre masker på golvet der. Semi-leiking og semi-strikking må vel gå godt i hop? Sjøl om kalendaren viser sommartid, er ull frå innerst til ytterst aktivt i bruk på litlemann. Ei Olala-smekke varmar og i halsen + tek i mot det som måtte komme av spontane væsker og andre interessante matrester.

Eg trur eg har fått meg ein ny hobby i det siste halvåret, nemleg å kjøpe ullbodyar. Ingen ting er så kjekt som når ein gjer eit varp på slikt salg! (Akkurat salgsgleda kan nå funke på andre klede óg, då....Enkelte ting er kronisk). Andre som kjenner det slik i forhold til ullbodyar?

Haustgensaren som pryda øvste delen av denne bloggen i heile fem veker, er godt i bruk. Det same er strikkebuksa frå boka Myk start. Huskar ikkje så mange harde fakta om ho (som str. og slikt), men veit at ho er strikka i alpakka. Likar fargen så godt. Har også passa lenge. Fyrst var ho skikkelig posete og varte og rakk heilt opp under armane. (SØTT). No er ho mest som ein nikkers når aktiviteten på golvet går for fullt. "Alt har sin tid", seier blant anna H.K.H. Mette Marit

Dagens tips til all strikking, gensrar som bukser, er å alltid strikka vrangbordene eit par cm lenger enn det oppskrifta seier. Alt for at levetida skal forlengjast! Sauer går jo óg med ull om sommaren har eg sett.

tirsdag 14. juni 2011

Tilbake


Takk og lov for at det ikkje finst ein streng bloggelærar med markerte briller langt nede på nasa som registrerer fråveret i blant oss! Då hadde eg nok blitt utvist etter denne gode pausen. Hadde sikkert fått både prikkar og strekar i merknadsboka, eller kva no det heiter i dag. Men ein hobby må forbli ein hobby. Dersom det vert ei plikt, på linje med å ta ut av oppvaskmaskinen, har blogginga liten verdi. For meg i alle fall. Men no er eg her.

I dag viser eg ei barselgåve som er strikka til ei lita jente som såg dagens lys for omlag ein månad sidan. Nøstebarn er og blir genialt. Eg er no berre hekta på både oppskrifter, garn og klede. Denne gongen vart det ein blå selekjole i str. 6 mnd. Som lita var favorittfargen min blå, medan dei andre jentene sverga til rødt og rosa. Slik er det framleis, tydelegvis.

tirsdag 3. mai 2011

Høstvest med lange armar = gensar

Eg arbeidar vidare med å fullføre prosjekta mine. I denne prosessen innser eg av og til at nokre av dei ikkje er levedyktige. Dette gjaldt til dømes eit halvferdig skjerf i pickles-garn. Med over førti skjerf som tyter ut av skuffa i gangkommoden, innsåg eg at garnet ville vere meir til nytte i ei anna form. Resultatet ser de over. Ein haustvest med lange armar og litt høgare hals enn oppskrifta. Både eg og veslegut er godt nøgd! Denne skal slitast til det bare er trådar igjen...

torsdag 21. april 2011

Duka for påskeferie



Har vore innom på den næraste gjenbruksbutikken. Fant tre påske/vårdukar. Dei to øvste kosta 10 kr, medan den handbroderte løparen kosta 25. Gøy! Reine, ferdigstrokne dukar, gjort på den gamle gode måten. Takk til dei godt vaksne damene på gjenbruksbutikken!

God påske til dykk alle!

tirsdag 19. april 2011

Prosjekt F E R D I G: Stripete kvardagsjakke

Hugsar de den grå babyjakka? Har no endeleg fullført den kvardagslege nevøen til den grå kashmirjakka. Godt å få brukt litt restegarn (Well, merkar knapt at det minkar!). Litt ulik tjukkleik på garnet gjer at resultatet ikkje blir så jamnt eg eigentleg skulle ønskje. Men kva gjer vel det? Me har flest kvardagar i dette livet. Litlevenen min kan ikkje gå med kashmir kvar dag.

Kan gjerne anbefala mønsteret (Frå Sandnesgarn hefte 1010). Enkelt og greit! Har brukt pinne 5. Den grøne grunnfargen er Rubingarn frå Spar Kjøp. Størrelse ca. 6-12 mnd.

mandag 18. april 2011

Eggeraid på Etsy

Eg fortset vandringa mi gjennom Etsy sine endelause "hyller". Det er no kjekt å vindusshoppa på nettet. Eg er i påskemodus, og vil difor visa desse fine egga eg har kome over (altså ikkje kjøpt. Bare sjå, men ikkje røre...). To heilt forskjellige stilar, men likar begge utgåvene veldig godt. Det må vel ver maksimalisten og minimalisten i meg som konkurrerer om merksemda...

Dei fargerike egga er laga av ei dame som driv butikken Ukrainianeastereggs. Verkeleg fint handverk, tykkjer eg. Får nesten lyst til å kle meg opp i bunad og gå og bera på desse ;)

Dei lyseblå egga med namn på fann eg i butikken dearjes. Reiret kallast "family nest". Tanken er at ein kan bestilla egga med navn på familiemedlemmane. Koseleg symbolikk :)

På Etsy likar eg godt alt som kan lagast litt personleg. Her om dagen fekk eg eit kjempefint stempel (denne stilen, men eg valde pre-inked) i posten med monogram, navn og adresse til familien vår. Kjekt å stempla på konvoluttar, feks.

torsdag 14. april 2011

Oppskrift: Hekla eggevarmarar


Svigermor har nokre eggevarmarar som er forma som høner. Eg trur hekleteknikken er om lag lik desse. Pickles har óg nokon som liknar litt. Men mine er hekla frå nedst og oppover, medan Pickles sine er laga motsett.

Når eg no har site og knota til ei oppskrift i forhold til korleis eg har laga eggevarmar, ser eg at det ikkje er så lett å vere så presis som eg ynskjer. De får bere over med meg og varmarane mine!!

Garn: ”Vanleg” ullgarn (restegarn) – for eksempel. Safirgarn frå Spar Kjøp.
Heklenål: 3.75 (Passar til medium egg). Kan sikkert fungere heilt fint med 3.5 eller 4.

”Klumpstavane”  i denne oppskrifta lagast slik: Start som om du skulle laga ein stav. Men i staden for å fullføre han når du har tre løkkjer på heklenåla, tek du eit ekstra kast og går ned i buen og henter tråden. Du får då fem løkkjer på nåla. Ta eit kast og trekk alle desse fem gjennom  heklenåla.  Ta eit kast til og trekk gjennom siste maska for å samla alt på toppen.

Legg opp 24 luftmasker. Festast til ein ring med ei kjedemaske. 

1.omg.:  3 luftmasker . 1 klumpstav i fyrste luftmasken. Hopp over neste luftmaske. 1 klumpstav i tredje luftmasken. Gjenta til du har 12 klumpstavar i ringen. Fest omgangen med ei kjedemaske.

2.omg.: 3 luftmaskar. Lag 13 klumpstavar fordelt i ringen. Fest med omgangen med ei kjedemaske.

Gjenta 1. og 2. omg. til du har seks omgangar.

7.omg: 3 luftmasker. Lag ei klumpmaske i annankvar av felta frå forrige omgang. Fest denne omgangen med ei kjedemaske.

Her er ei lita stilistisk teikning av korleis klumpstavane skal plasserast i forhold til kvarandre. 



Fest ein liten dusk på toppen. Nøste garnet 20 gonger rundt peike- og langfingaren. Bind saman på midten og klipp opp ( +formklipp). Sy fast dusken på toppen av eggevarmaren. 

Desse eggevarmarane er kjemperaske å hekle! Det er godt mogleg å laga eit heilt sett på ein kveld. 
Lukke til! 

torsdag 7. april 2011

Torsdagraid på Etsy

Raid og raid, fru Etsy. I dag har to saker å visa fram.
Mønster på søt kanin i gulrotbil frå HandMadeAwards
Hekla gryteklut i beste mormorstil frå Acadiancrochet.

onsdag 6. april 2011

GAGN er A w A r D e R t med ei utfordring

Eg har ingen Oscar-statuett over peisen. Heller har eg ikkje nokon Spellemann eller Amanda. Er heller ikkje så veldig fredeleg av meg. Men har no fått ein award og utfordring i denne bloggeverda. Takk takk til både Siljevanilje og Marmelade som har "sett" bloggen min!

Det er no mitt lodd i livet å svara på desse spørsmåla:

1. Hvorfor begynte du å blogge?
Eg har lese både norske og utanlandske crafting-bloggar i fleire år. No når eg er i morspermisjon tenkte eg at eg skulle få tid til å blogge litt sjølv óg. Blir ikkje så veeeeldig mykje tid til det, då ;)

2. Hvilke blogger følger du?
Dei fleste er strikkebloggar/interiørbloggar. Av guruane svergar eg til Den Gode Feen.

3. Favoritt make up?
Ja, sei det. For tida herjar Mary Kay-basillen i nettverket mitt. Likar óg feks. Bodyshop.

4. Favoritt klesmerke?
Eg har ikkje noko utprega favorittklesmerke. No for tida blir alle klede målt ut i frå "ammevennlighet". Dette går framfor stil desse dagar. Elles har eg uvanleg stor tru på Zara. Oppsøkjer alltid dei butikkane når eg er i utlandet + Oslo.

5. Du "MÅ" ha make up produkt?
Solpudder/rouge (Bodyshop). I alle fall på denne bleike årstida... Er forresten ikkje så brun om sommaren heller, så solpudderet er visst relevant heile året...

6. Favoritt farge? 
Kjem an på kva og kor hen. Sterke fargar er spesielt hot for tida.

7. Favorittparfyme?
Versace Bright Crystal. Kjempegod!!!

8. Favorittfilm?
Eller favorittfilmar: Fjols til fjells og Hairspray. Har óg sansen for alt som har med Narnia å gjere. Litt sprikande filmsjangrar, som de ser.

9. Hvilket land du vil besøke og hvorfor?
Canada. Var i Montreal på studietur då eg gjekk på vidaregåande. Vart eit litt sånn harelabb-besøk, for vi hadde ein del fastlagt opplegg. Skulle gjerne hatt ein roadtrip i dette store landet. Canada skal visstnok vere likt USA, berre utan (mykje mindre, i alle fall) kriminalitet og skumle ting som gjerne gjer at me unngår feriestader. Det er også billigare å bu og feriere der. Det kan me lika!

10. 5 ting du må ha i vesken?
Nøklar, mobil og lommebok måå eg alltid ha. Trur ikkje eg skil meg ut frå resten av Noregs befolkning med eit slikt behov. Har gjerne óg ein pakke med tyggi + et strikketøy (kor garnnøstet har floka seg inn i alle dei andre tinga...) 

Ja, så veit de det!
Eg veljer å ikkje gje utfordringa vidare til nokon konkrete. Er i skrivande stund litt for trøytt til å ta på med vurderingsbrillene til slikt arbeid. Det måtte bli som å velje lag i gymmen (slik me gjorde på barneskulen). Og det er eg ikkje opplagd til så seint på kvelden. Ta utfordringa viss du har lyst! Du har mi blessing. Søvnen sig på her i heimen, og eg må bare hoppa i seng. 
God natt...

onsdag 30. mars 2011

DIY: Trappetre

Me som sit og tvinnar på små strikkepinnar kveld ut og kveld inn, har godt av å arbeide litt med større prosjekt når sjansen byr seg. Grovmotorikk må ikkje undervurderast!

Eg har tidligare sett slike sammenbundne kvistar (la oss kalle dei trappetre) utanfor blomsterbutikkar som dekorasjon. Hadde ikkje reflektert så mykje over dei før eg fekk ein idé om å laga eit sjølv då eg var ute i friluft og styrte på med fastelavnsrisa og mosekulene. Det vart to skogsturar med "råstoffjakt" etter trappetrekvistar. Ein kan jo ikkje snaue eit område ukritisk... Dessutan er det begrensa kor mykje ein får med seg kvar gong når ein samstundes har med seg barnevogn ;)

Materiale:
  • Ein stor haug med kvistar, nokre tynne lange og nokre litt meir som bjørkeris
  • Ståltråd
  • Potte
  • Grus/Singel
  • Evt. litt mose

1. Bunt saman kvistane nederst. Ta nokre om gongen, bygg på etter kvart. For å få same forma som mitt trappetre, bind du fyrst saman det kortaste kvistane med flest greiner.


2. Bruk ståltråden til å forma kvistbunten slik du vil ha han. Stram tråden mindre der du vil ha meir "volum". Surr ekstra ståltråd i toppen av treet slik at han evt. kan bøyast dersom du ønskjer det

3. Sett kvistbunten i ei passande potte (gjerne litt høg og smal). Hell i litt grus i botnen for at treet skal stå meir stabilt. Trykk evt. litt mose langs kanten av treet for å tette igjen.


Eg vil tippe at mitt trappetre vart ca. 130-140 cm (når toppen er litt bøygd).
Då gjeld det for de andre (som har lyst på trappetre) å skunda seg ut i skogen før lauvet sprett!

Gjerne link til innleggett mitt dersom du skulle finne på å lage din variant av eit trappetre. Lukke til!

mandag 28. mars 2011

Hentesett eller godt installert heime-jakke?

Kva er eigentleg definisjonen på eit hentesett? Her ser de overdelen til det settet som vart brukt for ganske nøyaktig 6 månader sidan. Jakka (og forsåvidt buksa) passar enno. Byrjar å bli litt kort på armane, då. Er difor i gang med ei ny. Denne gong i grått. Ullsilke som sist. Trur det held med jakka denne gongen. Den har vore veldig mykje i bruk. Er nesten litt tova nederst på armane etter sutting... Kjekt at ein kan ha kos i et klesplagg :) Fint for både meg og han litle at Nøstebarn har laga til 6-12 mnd-størrelse i oppskrifta. Kvifor hentsettoppskrifter finst i så store størrelsar, veit ikkje eg. Eg er i alle fall ferdig med å hente litleguten på sjukehuset for lenge sidan.... Eg veljer å kalla den nye grå jakka: Godt installert heime-jakke :)

torsdag 17. mars 2011

DIY: Mosekuler til trappa

Dette er jo ikkje noko hokus pokus. Fleire har sikkert laga slike før meg. Men no kan de få sjå korleis eg gjer det!

Materiale:
Mose
Avispapir
Ståltråd
Knipetong

1. Krøll saman ein ball av avispapiret og fest med ståltråd. Legg på mose på overflata (litt om gongen). Surr vidare med ståltråden til mosen held seg på plass. 


2.  Legg kula i ei blomepotte el. lignande.
Mine kuler hadde ein diameter på ca 10-15 cm. Eg får prøve å lage ei stor neste gong! Eller kanskje du?? Gjerne link til innlegget mitt dersom nokon skulle finne på å lage slike mosekuler!

onsdag 16. mars 2011

Husmorsyssel: Lang og god tomatsaus


Her om dagen tok eg eit skippertak på kjøkkenet. Det vart produsert 8 kjøttpaiar og 6 boksar med tomatsaus. No ligg dei alle trygt i frysen, klar til å skapa eit enklare middagsliv til dei dagane som krev slikt.

Eg har fleire gonger før laga ein slik  tomatsausbase og frose ned. Er rett og slett hekta! Basen kan brukast til pizza, gryterett, lasagne, pai osv. Er også godt å spe han ut med litt fløyte eller creme fraiche for å få ein litt mildare smak. Når eg lagar lasagne/gryteretter av denne sausen, tilset eg litt vatn. Til pizza er konsistensen slik at ein berre kan smøra rett på botnen.

Eg har ikkje noko detaljert oppskrift, men veit i alle fall kva ingredienser som skal med. Denne gongen brukte eg 8 boksar med hakka tomatar (av billegaste merke). Fire store lauk (hakkast), fire selleristenger (hakkast), fira store raspa gulrøter, litt kvitlauk og olje. Steikjer fyrst dei hakka/raspa grønsakene i olje før dei hakka tomatane blir med i selskapet. Krydrar med salt, pepper, grønsaksbuljongterning (evt. anna godt krydder). Har óg i litt sukker for å mildne av smaken litt. Hell også på ein del olivenolje.

Denne røra skal koka i fleire timar. Rør av og til. Den gode smaken kjem etter kvart. Vatnet frå tomatane skal fordampa, og det skal nesten "setja seg litt i botnen".


Eg har tidligare i år hamstra paibunnpakkar på tikronersmarknad. Paiane vart fylt med kjøttdeig, brokkoli og tomatsaus. Ost på toppen.

No er fryseboksen fylt til randen med gode vitaminer til travle dagar :)