mandag 28. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Pebble-vest


Oppskrift: Pebble-vest fra The Thrifty Knitter
Garn: Drops alpakka, dobbelt garn
Pinne: Usikker. Tipper ca. 4-5. (Sånt skjer når ein let strikketøy liggje umontert)
Str: Passar til litleguten på 5 mnd. (og oppover)
Terningkast: 6
Kommentar: Enkelt prosjekt! Det er skummelt at vesten har blitt liggjande så lenge utan knappar...

Anbefalar alle andre (som har fleire handarbeid som ligg på vent) å setje i gang et Prosjekt F E R D I G eller liknande. Me treng litt press på oss. Altfor mange uferdige prosjekt gjer at ein blir sitjande med dårleg samvit når ein startar på noko nytt. Og slik skal det ikkje vere. Nye prosjekt skal vere kos!

Eg har i alle fall dei siste vekene fått fullført meir enn det eg hadde drøymt om :)

søndag 27. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Nøstebarnvest


Denne vesten har blitt liggjande lenge utan frontparti. Grunnen er uviss. Av og til går ein vel berre litt lei. No er han imidlertid både ferdig strikka, har blitt montert og fått søte små kofteknappar festa på seg. Vesten må vere fornøgd med sin strikkande skapar som endeleg tok opp tråden igjen...

Oppskrift:Babyundertrøye frå Strikk til nøstebarn-boka (Reknar med at alle kjenner til den)
Str: Uvisst. Trur han best kan passa 6-12 mnd.
Garn: Juvel (trur eg. Kjøpt på garnutsalet til Sandnesgarn)
Pinne: 4
Terningkast: 4
Kommentar: Kjekk og nyttig vest. Har strikka ein tidligare i tynnare garn (alpakka).Denne gongen har eg prøvd meg med både tjukkare garn og pinnar.
Eg klussar litt med kva som er rett- og kva som er vrangsida når eg skal strikka den delen i fronten som overlappar kvarandre. Trur det vart litt feil på eine sida (at vrangsida kom på rettsida, om de skjønar). Men han litle som skal gå med vesten har heldigvis ikkje greie på slikt. Eg strikkar frimodig vidare!

fredag 25. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Lita grå jakke


Mønster: Sandnesgarn – hefte nr. 1010
Garn: Sandnes kashmiralpakka
Pinnar: 5 og 5,5
Str.: 6-12 mnd.
Terningkast: 5
Kommentar: Denne jakka var svært enkel å strikke. Eg har aldri prøvd å strikke ei jakke ved å byrje oppe ved halsopninga, men dette viste seg å vere kjempelurt. Det einaste som var litt negativt/merkeleg, tykkjer eg, var at det langs ”raglan-aukinga” vart litt store hol.

Eg må nok vente nokre månadar ennå før eg kan tre jakka på den litle poden. Me får anten satsa på rask vekst eller kald sommar...

Mønster og garn er kjøpt på Krims og Krans på flataste Jæren. Gøy butikk, forresten.

Ps: Dei som er veldig observante har merka at det framleis manglar ein knapp nederst. I følgje oppskrifta skulle det kun vere tre knapper øvst. Det tykte eg virka litt femi. Tenkte at eg skulle ha fem knappar. Men undervegs vart det visst 6 knapphol. Det skal seiast at eg no har vore to gonger og kjøpt ein enkelt knapp til å ha nederst. Kvar gong har han blitt lagt på ein "lur" plass. Siste innkjøp var i går. Knappen er no sporlaust vekke. Dette vitnar om dårleg knappeomsorg.

God helg til alle med og utan strikkepinnar!

torsdag 24. februar 2011

Torsdagsraid på Etsy

Vekene går fort! Plutseleg vart det torsdag igjen. Denne vekas Etsyfunn er eg svært fornøgd med. Bare sjå over!! Spekteret går frå det nyttige til det unyttige. Kva bruker ein slike flotte muffinsar til? For fin til å bruke som leikemat eller nålepute. Dersom noko likar sjokoladekake betre, sjekk ut linken under. Trepyramiden ser både fin og nyttig ut på ein og same tid. Tåler sikkert ein støyt. Det spørs då om parketten tåler det same...
Fuglenåler frå Moloco
Pyramideleike av tre frå Littlesaplingtoys
Tøymuffins frå ViviansKitchen
Garn farga for hand frå Portfiber
Babysko frå BabyThingsByJessica

søndag 20. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Autobahn-skjerf

Prosjekt F E R D I G går sin gang i her i heimen. No har eit skjerf fått livsrett etter fleire år i uferdig tilstand. Eg byrja på det sommaren 2008 då me og eit vennepar køyrde på den endelause "landeveg" i Tyskland i full speed. For å få tankane over på andre ting enn farten, hekla eg. Difor Autobahn-skjerf.

Heldigvis var det ikkje så mykje som skulle til for å fullføra det. (Eg trur) det er hekla i babyull frå Spar Kjøp. Oppskrifta finn de gratis tilgjengeleg på nettet på Hendes Verden sine sider.

fredag 18. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Hekla vernesko

Skal du laga deg vernesko, må du hekla med dobbelt raggegarn. Endeleg er tøflane ferdige og trådane festa. Dei blir nok ikkje gitt bort i gåve, eg får slita med dei sjølv. Men etter å ha teke dei i bruk, kjenner eg at dei ikkje er så verst likevel. Dei fleste ulukker skjer i heimen. No er i alle fall føtene mine trygge og varme... Godt fotfeste har eg óg.

torsdag 17. februar 2011

Torsdagsraid på Etsy

 I dag har eg fordjupa meg i ymse prints. Mange fine. Tekst i glas og ramme er undervurdert.
  1. You and me... frå Bangbangyourthread
  2. Fødselsdagsfakta frå AppleBlossomPrint
  3. Bryllupsdagsfakta frå AppleBlossomPrint
  4. Grøne fuglar frå Jenskelley
  5. Monogram frå Jenskelley

tirsdag 15. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Eskimotøflar med farfarknappar

To strikka firkantar i Eskimogarn (Drops) har lege i ro lenge. No har dei endelig blitt til noko. Varme tøflar trengs i vinden på Sør-Vestlandet kor både tog og båtar går i redusert fart for tida. Eg leita i den gamle knappeboksen etter to like knappar. Fann to kofteknappar som Farfar har hatt i ei av koftene sine. Dei er prega av levd liv. Forstår ikkje korleis det er mogleg å slita knappar på den måten. Men sjel har dei i alle fall.

mandag 14. februar 2011

Prosjekt F E R D I G

No skal det ryddast! Store og små prosjekt skal fullførast! Halvferdige sokkar lengtar etter kalde føter. Kjøkkenhandkle lengtar etter ein knagg å hengja på. Skjebnen deira ligg i mine hender! Mange strikketøy manglar bare montering eller knappar. Kanskje noko også har "gått ut på dato"? Konsekvensen blir då at det må rekkjast opp slik at garnet kan brukast om att. Det får så vere. Eit halvferdig strikketøy som har mista livsgnisten, har liten verdi (ja, om ikkje gnisten kan tennast igjen, då...).

Etter kvart som eg fullfører nokre av mine (altfor) mange prosjekt, vil eg feire det med dykk her på bloggen.

Eg lovar ikkje å ikkje starta på nye prosjekt undervegs. Litt gøy må ein jo ha...

søndag 13. februar 2011

Retromasker: Ei heilt uformell og uprofesjonell bokomtale


Ei ny bok datt ned i postkassen her om dagen. Tine Solheims Retromasker. Er det andre som har skaffa seg denne boka? Eg har bladd i ho og sett litt på bileta.

Fyrsteinntrykk: Mange fine modellar, men og ein del merkeleg. Eit eksempel er veska de ser nederst til venstre. Den assosierer eg med barnetvserien "Kometkameratar". Trur det var ein figur der med litt tjukke følehorn...(?). Jakka på framsida av boka har litt for mykje labbetuss-faktor, tykkjer eg. Eg har meir sansen for 60-tallskoftene, anten i klare sterke fargar, eller i fine duse gråbrune tonar. Det er strikka inn perler i mange av plagga. Er ikkje sikker på om eg ville hatt det sjølv, men det kan sikkert bli fint på dei rette folka.

Eg er liksom ein slik småstrikkar -  det blir ein skjerf, sjal, huer, klutar, tøflar, sokkar og babyklede. Større plagg har det ikkje blitt så mange av til no. Kanskje eg bare bør setja i gang? Det er i alle fall fleire kandidatar i denne boka.

torsdag 10. februar 2011

Torsdagsraid på Etsy



 
  1. Ballerinatøflar frå Hilaryshats 
  2. Lovebirds frå Beadedwire
  3. Hjartepute frå Emeshmode
  4. Telysglas frå PolClary
  5. Hekla hjartepynt frå Sabahnur
Me nærmar oss Valentine. Det er ein dag som ikkje blir feira (i nokon særleg grad) her i huset. Det var hakket meir spanande på vidaregåande. Då gjekk russent rundt i klasseromma og delte ut roser frå anonyme beundrarar. Som oftast gjekk spenninga over til skuffelse i venninnegjengen. Tida har gått, og me har no klart å ordna oss alle saman.

Feiring eller ikkje feiring - det å dvela litt ved dei fine valentiniserte produkta over skadar vel ikkje nokon?

onsdag 9. februar 2011

DIY: Kart i ramme

Det treng ikkje vere så vanskelig å laga litt "kunst" på eigahand.

Du treng:
Utstyr:
  • Tape og saks
Bileta talar for seg sjølv. Framgangsmåten er no så enkel. Reknar med dei fleste av oss har ramma inn noko i rammer frå IKEA før.

Det er morfar som har eigd dette kartet. Han var bussjåfør og treivst difor på den endelause landeveg. Det som gjer kartet ekstra koseleg, er at morfar har streka inn med kulepenn på nokre vegstrekningar. Kartet er også gulna og har litt rifter og hol her og der. Eg vil sei det er eit kart med sjel.


Dersom ein ikkje har ein morfar som var bussjåfør, er det heilt sikkert andre gamle kart å oppdriva. Lukke til!

tirsdag 8. februar 2011

Oppskrift: Ganske vrang hals


Garnet til dette prosjektet har eg kjøpt på Fretex. Eg veit difor ikkje kva garnmerke eg har brukt.
Halsen er strikka med tredobbelt mohairgarn.

Slik gjer du:
Legg opp 55 masker (laust) på rundpinne nr 10. Maskeantallet må vere deleleg på 11 dersom du ønskjer å justera størrelsa.

Følgjande mønster skal repeterast.

*6vr, 1r, 1vr, 1r, 1vr, 1 r*

Strikk rundt og rundt til halsen måler vel 40 cm (eller lengre om du ønskjer det).

Fell laust av.


Halsen kan brukast på beggje sider (men eg tykkjer rettsida -den øvste- er den finaste).

torsdag 3. februar 2011

Torsdagsraid på Etsy

Linkar til butikkane: Democca, Ohlouisedesign, 1Canoe2, Furcechan

Reknar med at det er andre enn eg som er hekta på Etsy-surfing? Tenk viss Etsy hadde vore eit handlesenter. Trur eg aldri hadde kome meg ut av det ...
Her er nokre funn eg har gjort no på nyåret. Har observert at fleire av dei som sel kalendarar på Etsy har sett ned prisane. Januar er jo allereie over, men me har jo 11 massive månader igjen, tenkjer eg. Eg har bestilt ein av desse kalendarane de ser ovanfor. Skal ikkje ha han sjølv, så derfor vil eg ikkje røpa kva for ein det er. Dersom eg hadde hatt nok veggplass i hobbykroken min, ville den frå 1Canoe2 glidd godt inn der. Just keep on dreaming.

onsdag 2. februar 2011

Lovleg pels blir til små vener

I går då eg prøvde symaskinen (som har låge i dvale i minst eit halvt år), ville han berre sy bakover. Det var som om "rygge-knappen" hadde sett seg fast. Ikkje noko kjekt når eg endelig får eit innfall til å sy. Etter mykje trykking (og dunking), ville han no etter kvart sy framover igjen. I kveld vart det produsert ein liten "tyggeleike" til litleguten. Det er kjekt med alt som kan puttast i munnen for tida. Då må mor bidra med eit lite, trygt pelsdyr utan skumle auge som kan løsna. Og kven er nå dette dyret? Isbjørn? Vel, var ikkje heilt det som var tanken. Me feirer at (min) pappa i dag får fjoset fullt av ein ny kurase som ser slik ut (dersom me legg godvilja til). Fyldige hofter og lys pels. Charolais heiter rasen (for dei som skulle vere spesielt interesserte i ammekyr).

Og den lange brune? Ein rev som eg sydde sist gong symaskinen var framme. No sit dei to pelsdyra og ventar på morgondagen då dei skal få ny frisyre i munnen til litlegut...

Pelsstoff frå Stoff og Stil.

Alt har ei byrjing....

Det har óg denne bloggen. Du står no på startstreken saman med meg. Strikketøyet har me med oss under armen.

Kven er så denne skribenten?
  • Kone: gift med ein god mann som støtter dei fleste garninnkjøp.
  • Mor: til den søtaste guten under sola
  • Alder: 28. Ikkje heilt gale det.
  • Lærar: men er no i morspermisjon


Kvifor GAGN?

Min farfar hadde eit standardkommentar om unyttige ting: "Det finnest kje gagn i". Det kunne til dømes vere nymotens fritidsaktivitetar eller ferie som ikkje gagna til noko i hans augo. På den måten kom gagn-omgrepet inn i mitt ordforråd. Men om noko ikkje gagnar, så finst det vel også noko som gjer det?

Frå eg var lita har eg trivst med aktivitetar som fell innanfor kategorien "crafting". Lukka var ein lilla filtbit ved adventstid, ein rød aida-stoffbit til å lage løpar av ved juletid, og ei gul vattkule i forkant av påska. Sidan den tid, har eg stadig trivst med å ha kortare og lengre prosjekter på gang. Hovudinteressa mi er no strikking, men svingar gjerne heklenåla når det måtte passa seg slik. Eg har og eit mål om å få sving på symaskinen også. Tida vil vise kva som skjer.

Føremålet med bloggen er at han skal vera til gagn (jfr. definisjonen i logoen øvst) både for meg sjølv og andre som måtte surfa forbi. Så får ein bare håpe at bølgja her inne kjem til å gagne for deg óg...