onsdag 2. februar 2011

Alt har ei byrjing....

Det har óg denne bloggen. Du står no på startstreken saman med meg. Strikketøyet har me med oss under armen.

Kven er så denne skribenten?
  • Kone: gift med ein god mann som støtter dei fleste garninnkjøp.
  • Mor: til den søtaste guten under sola
  • Alder: 28. Ikkje heilt gale det.
  • Lærar: men er no i morspermisjon


Kvifor GAGN?

Min farfar hadde eit standardkommentar om unyttige ting: "Det finnest kje gagn i". Det kunne til dømes vere nymotens fritidsaktivitetar eller ferie som ikkje gagna til noko i hans augo. På den måten kom gagn-omgrepet inn i mitt ordforråd. Men om noko ikkje gagnar, så finst det vel også noko som gjer det?

Frå eg var lita har eg trivst med aktivitetar som fell innanfor kategorien "crafting". Lukka var ein lilla filtbit ved adventstid, ein rød aida-stoffbit til å lage løpar av ved juletid, og ei gul vattkule i forkant av påska. Sidan den tid, har eg stadig trivst med å ha kortare og lengre prosjekter på gang. Hovudinteressa mi er no strikking, men svingar gjerne heklenåla når det måtte passa seg slik. Eg har og eit mål om å få sving på symaskinen også. Tida vil vise kva som skjer.

Føremålet med bloggen er at han skal vera til gagn (jfr. definisjonen i logoen øvst) både for meg sjølv og andre som måtte surfa forbi. Så får ein bare håpe at bølgja her inne kjem til å gagne for deg óg...

3 kommentarer:

  1. Så koselig å finne en blogg helt i startgropa:)
    gleder meg til å se hva du strikker

    SvarSlett
  2. Så gøy med ny blogg, jeg legger deg til i blogglista mi. Takk for hyggelig kommentar hos meg :-)

    SvarSlett
  3. Ja, blir kjekt dette! Gøy de stikk innom :)

    SvarSlett