onsdag 2. februar 2011

Lovleg pels blir til små vener

I går då eg prøvde symaskinen (som har låge i dvale i minst eit halvt år), ville han berre sy bakover. Det var som om "rygge-knappen" hadde sett seg fast. Ikkje noko kjekt når eg endelig får eit innfall til å sy. Etter mykje trykking (og dunking), ville han no etter kvart sy framover igjen. I kveld vart det produsert ein liten "tyggeleike" til litleguten. Det er kjekt med alt som kan puttast i munnen for tida. Då må mor bidra med eit lite, trygt pelsdyr utan skumle auge som kan løsna. Og kven er nå dette dyret? Isbjørn? Vel, var ikkje heilt det som var tanken. Me feirer at (min) pappa i dag får fjoset fullt av ein ny kurase som ser slik ut (dersom me legg godvilja til). Fyldige hofter og lys pels. Charolais heiter rasen (for dei som skulle vere spesielt interesserte i ammekyr).

Og den lange brune? Ein rev som eg sydde sist gong symaskinen var framme. No sit dei to pelsdyra og ventar på morgondagen då dei skal få ny frisyre i munnen til litlegut...

Pelsstoff frå Stoff og Stil.

2 kommentarer:

  1. Fine pølesdyra! Og velkommen i ga(G)ng! Stort for parhest nummer to og ha deg med i den offentlige craftsverden. Og bra med nynorsk! Dette blir bra!

    SvarSlett
  2. Så herlige kosedyr! Skulle ønske jeg kunne å sy... :)

    SvarSlett