tirsdag 15. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Eskimotøflar med farfarknappar

To strikka firkantar i Eskimogarn (Drops) har lege i ro lenge. No har dei endelig blitt til noko. Varme tøflar trengs i vinden på Sør-Vestlandet kor både tog og båtar går i redusert fart for tida. Eg leita i den gamle knappeboksen etter to like knappar. Fann to kofteknappar som Farfar har hatt i ei av koftene sine. Dei er prega av levd liv. Forstår ikkje korleis det er mogleg å slita knappar på den måten. Men sjel har dei i alle fall.

3 kommentarer:

  1. Å, de var fine! Sitter her og fryser på kontoret...skulle nok tatt bryet med å hente noe varmt til beina. Men nå hopper jeg i seng i stedet. God natt!

    SvarSlett
  2. Åh, desse va fine i farge og form! Likte veldig godt gjenbruk av knappane! Sjarm og stil!
    Det blese her og - eg nyte ein dag med litt kontorjobbing!

    SvarSlett
  3. Very nice once! Hadde ikkje vært feil å hatt så flotte tøfler, DU e flinke, Silje!:)

    SvarSlett