fredag 25. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Lita grå jakke


Mønster: Sandnesgarn – hefte nr. 1010
Garn: Sandnes kashmiralpakka
Pinnar: 5 og 5,5
Str.: 6-12 mnd.
Terningkast: 5
Kommentar: Denne jakka var svært enkel å strikke. Eg har aldri prøvd å strikke ei jakke ved å byrje oppe ved halsopninga, men dette viste seg å vere kjempelurt. Det einaste som var litt negativt/merkeleg, tykkjer eg, var at det langs ”raglan-aukinga” vart litt store hol.

Eg må nok vente nokre månadar ennå før eg kan tre jakka på den litle poden. Me får anten satsa på rask vekst eller kald sommar...

Mønster og garn er kjøpt på Krims og Krans på flataste Jæren. Gøy butikk, forresten.

Ps: Dei som er veldig observante har merka at det framleis manglar ein knapp nederst. I følgje oppskrifta skulle det kun vere tre knapper øvst. Det tykte eg virka litt femi. Tenkte at eg skulle ha fem knappar. Men undervegs vart det visst 6 knapphol. Det skal seiast at eg no har vore to gonger og kjøpt ein enkelt knapp til å ha nederst. Kvar gong har han blitt lagt på ein "lur" plass. Siste innkjøp var i går. Knappen er no sporlaust vekke. Dette vitnar om dårleg knappeomsorg.

God helg til alle med og utan strikkepinnar!

4 kommentarer:

  1. Hei, og takk for hyggelig besøk hos meg. Trivelig blogg du har på gang her, også:-)

    SvarSlett
  2. Hei! Utruleg kjekt med desse prosjekta dine som du gjere ferdig!
    Håpe du og dine får ei flott helg!
    KLEMS

    SvarSlett
  3. Den var kjempesøt, syns det var dekorativt med hullene jeg.

    SvarSlett
  4. Fin jakke! Likte godt hola i raglanovergangen. Det skadar jo ikkje med litt lufting...? ;) God helg til deg og!

    SvarSlett