søndag 13. februar 2011

Retromasker: Ei heilt uformell og uprofesjonell bokomtale


Ei ny bok datt ned i postkassen her om dagen. Tine Solheims Retromasker. Er det andre som har skaffa seg denne boka? Eg har bladd i ho og sett litt på bileta.

Fyrsteinntrykk: Mange fine modellar, men og ein del merkeleg. Eit eksempel er veska de ser nederst til venstre. Den assosierer eg med barnetvserien "Kometkameratar". Trur det var ein figur der med litt tjukke følehorn...(?). Jakka på framsida av boka har litt for mykje labbetuss-faktor, tykkjer eg. Eg har meir sansen for 60-tallskoftene, anten i klare sterke fargar, eller i fine duse gråbrune tonar. Det er strikka inn perler i mange av plagga. Er ikkje sikker på om eg ville hatt det sjølv, men det kan sikkert bli fint på dei rette folka.

Eg er liksom ein slik småstrikkar -  det blir ein skjerf, sjal, huer, klutar, tøflar, sokkar og babyklede. Større plagg har det ikkje blitt så mange av til no. Kanskje eg bare bør setja i gang? Det er i alle fall fleire kandidatar i denne boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar