onsdag 30. mars 2011

DIY: Trappetre

Me som sit og tvinnar på små strikkepinnar kveld ut og kveld inn, har godt av å arbeide litt med større prosjekt når sjansen byr seg. Grovmotorikk må ikkje undervurderast!

Eg har tidligare sett slike sammenbundne kvistar (la oss kalle dei trappetre) utanfor blomsterbutikkar som dekorasjon. Hadde ikkje reflektert så mykje over dei før eg fekk ein idé om å laga eit sjølv då eg var ute i friluft og styrte på med fastelavnsrisa og mosekulene. Det vart to skogsturar med "råstoffjakt" etter trappetrekvistar. Ein kan jo ikkje snaue eit område ukritisk... Dessutan er det begrensa kor mykje ein får med seg kvar gong når ein samstundes har med seg barnevogn ;)

Materiale:
  • Ein stor haug med kvistar, nokre tynne lange og nokre litt meir som bjørkeris
  • Ståltråd
  • Potte
  • Grus/Singel
  • Evt. litt mose

1. Bunt saman kvistane nederst. Ta nokre om gongen, bygg på etter kvart. For å få same forma som mitt trappetre, bind du fyrst saman det kortaste kvistane med flest greiner.


2. Bruk ståltråden til å forma kvistbunten slik du vil ha han. Stram tråden mindre der du vil ha meir "volum". Surr ekstra ståltråd i toppen av treet slik at han evt. kan bøyast dersom du ønskjer det

3. Sett kvistbunten i ei passande potte (gjerne litt høg og smal). Hell i litt grus i botnen for at treet skal stå meir stabilt. Trykk evt. litt mose langs kanten av treet for å tette igjen.


Eg vil tippe at mitt trappetre vart ca. 130-140 cm (når toppen er litt bøygd).
Då gjeld det for de andre (som har lyst på trappetre) å skunda seg ut i skogen før lauvet sprett!

Gjerne link til innleggett mitt dersom du skulle finne på å lage din variant av eit trappetre. Lukke til!

mandag 28. mars 2011

Hentesett eller godt installert heime-jakke?

Kva er eigentleg definisjonen på eit hentesett? Her ser de overdelen til det settet som vart brukt for ganske nøyaktig 6 månader sidan. Jakka (og forsåvidt buksa) passar enno. Byrjar å bli litt kort på armane, då. Er difor i gang med ei ny. Denne gong i grått. Ullsilke som sist. Trur det held med jakka denne gongen. Den har vore veldig mykje i bruk. Er nesten litt tova nederst på armane etter sutting... Kjekt at ein kan ha kos i et klesplagg :) Fint for både meg og han litle at Nøstebarn har laga til 6-12 mnd-størrelse i oppskrifta. Kvifor hentsettoppskrifter finst i så store størrelsar, veit ikkje eg. Eg er i alle fall ferdig med å hente litleguten på sjukehuset for lenge sidan.... Eg veljer å kalla den nye grå jakka: Godt installert heime-jakke :)

torsdag 17. mars 2011

DIY: Mosekuler til trappa

Dette er jo ikkje noko hokus pokus. Fleire har sikkert laga slike før meg. Men no kan de få sjå korleis eg gjer det!

Materiale:
Mose
Avispapir
Ståltråd
Knipetong

1. Krøll saman ein ball av avispapiret og fest med ståltråd. Legg på mose på overflata (litt om gongen). Surr vidare med ståltråden til mosen held seg på plass. 


2.  Legg kula i ei blomepotte el. lignande.
Mine kuler hadde ein diameter på ca 10-15 cm. Eg får prøve å lage ei stor neste gong! Eller kanskje du?? Gjerne link til innlegget mitt dersom nokon skulle finne på å lage slike mosekuler!

onsdag 16. mars 2011

Husmorsyssel: Lang og god tomatsaus


Her om dagen tok eg eit skippertak på kjøkkenet. Det vart produsert 8 kjøttpaiar og 6 boksar med tomatsaus. No ligg dei alle trygt i frysen, klar til å skapa eit enklare middagsliv til dei dagane som krev slikt.

Eg har fleire gonger før laga ein slik  tomatsausbase og frose ned. Er rett og slett hekta! Basen kan brukast til pizza, gryterett, lasagne, pai osv. Er også godt å spe han ut med litt fløyte eller creme fraiche for å få ein litt mildare smak. Når eg lagar lasagne/gryteretter av denne sausen, tilset eg litt vatn. Til pizza er konsistensen slik at ein berre kan smøra rett på botnen.

Eg har ikkje noko detaljert oppskrift, men veit i alle fall kva ingredienser som skal med. Denne gongen brukte eg 8 boksar med hakka tomatar (av billegaste merke). Fire store lauk (hakkast), fire selleristenger (hakkast), fira store raspa gulrøter, litt kvitlauk og olje. Steikjer fyrst dei hakka/raspa grønsakene i olje før dei hakka tomatane blir med i selskapet. Krydrar med salt, pepper, grønsaksbuljongterning (evt. anna godt krydder). Har óg i litt sukker for å mildne av smaken litt. Hell også på ein del olivenolje.

Denne røra skal koka i fleire timar. Rør av og til. Den gode smaken kjem etter kvart. Vatnet frå tomatane skal fordampa, og det skal nesten "setja seg litt i botnen".


Eg har tidligare i år hamstra paibunnpakkar på tikronersmarknad. Paiane vart fylt med kjøttdeig, brokkoli og tomatsaus. Ost på toppen.

No er fryseboksen fylt til randen med gode vitaminer til travle dagar :)

lørdag 12. mars 2011

Etsyraid på torsdag. Kremt... Lørdag denne gongen...

I dag vil eg vise eit lite glimt kva "Jewelry" kan by på. Ikkje så allverdens dyrt heller. Slikt likar me!
Favoritten i dag er utan tvil armbåndet som er laga av to bøygde gamle teskeier.
1. Ringar med personlig innskrift frå Tinytokendesigns
2. Gullbelagte øyredobbar frå Balance9
3. Armband frå Monpetitchoubotique
4. Øyredobbar i sølv frå Maryanjane

Ha ein god kveld! Det er framleis helg :)

onsdag 9. mars 2011

Eg har putta handa ned i MARMELADE-krukka

Innimellom strikkeøkter, kan det vere kjekt med litt nettshopping. Som de kanskje veit, likar eg godt Etsy. Men etter kvart har eg óg fått sansen for Etsy si lillesyster, Epla. Før helga droppa desse flotte smekkene ned i postkassa. Eplabutikken heiter Marmelade, og innehavaren er ei god venninne av meg. Smekkene skal eg gje i barselgåver til ein liten gut og ei lita jente. Eit smekkesett vart også i helga gjeven bort til ei anna lita jente før eg fekk fanga dei med kamera.

Litleguten her i huset diggar smekkene. Han er for tida ein søt liten retrogut, så han gjer livet lysare med ei i turkis stormønstra retrostoff. Den er frå redesign-kolleksjonen. Han har óg ei med soppar på og ei med blå ruter. For dei jentebabyane med meir sans for den franske landstil og shabby chic og sånn, kan den kvite Romantica-kolleksjonen med søte sløyfer bak kanskje heller vere tingen. Palett-kolleksjonen er i einsfarga stoff med gul eller grå kontrastfarge. Passar til det meste. På Marmeladebloggen blir nasjonaldagar feira, og smekkesett i flagg-fargane blir lagt ut i butikken. Heldige meg har fått kapra Estland-smekkene, dei blå og kvite. Kjekt å få litt allmennkunnskap med på kjøpet!

Eg er altså inhabil i forhold til kjennskap til innehavaren av Marmelade-butikken. Hadde eg vore statsråd, måtte eg nok ha gått av dersom eg ikkje la slike fakta på bordet. No har eg gjort det! Men dette tek ikkje bort det faktum at smekkene er både nyttige og fine. Eg veit i alle fall kvar eg skal kjøpe barselsgåver :)

tirsdag 8. mars 2011

Min vri på fastelavnsriset

Tida flyg. Siste veka har eg ikkje fått lagt igjen så mange digitale spor på bloggen her som eg skulle ynskje. Får vel skulde på at eg har vore ute langs vegane og jakta på bjørkeris... Det er ikkje akkurat flust av slikt her me bur. Til sist fann eg nok til å laga to fastelavnsris. Kjekt å eksperimentera litt. Saniteten får stå for fjørene. Eg slår eit slag for garn og farga papir.