onsdag 9. mars 2011

Eg har putta handa ned i MARMELADE-krukka

Innimellom strikkeøkter, kan det vere kjekt med litt nettshopping. Som de kanskje veit, likar eg godt Etsy. Men etter kvart har eg óg fått sansen for Etsy si lillesyster, Epla. Før helga droppa desse flotte smekkene ned i postkassa. Eplabutikken heiter Marmelade, og innehavaren er ei god venninne av meg. Smekkene skal eg gje i barselgåver til ein liten gut og ei lita jente. Eit smekkesett vart også i helga gjeven bort til ei anna lita jente før eg fekk fanga dei med kamera.

Litleguten her i huset diggar smekkene. Han er for tida ein søt liten retrogut, så han gjer livet lysare med ei i turkis stormønstra retrostoff. Den er frå redesign-kolleksjonen. Han har óg ei med soppar på og ei med blå ruter. For dei jentebabyane med meir sans for den franske landstil og shabby chic og sånn, kan den kvite Romantica-kolleksjonen med søte sløyfer bak kanskje heller vere tingen. Palett-kolleksjonen er i einsfarga stoff med gul eller grå kontrastfarge. Passar til det meste. På Marmeladebloggen blir nasjonaldagar feira, og smekkesett i flagg-fargane blir lagt ut i butikken. Heldige meg har fått kapra Estland-smekkene, dei blå og kvite. Kjekt å få litt allmennkunnskap med på kjøpet!

Eg er altså inhabil i forhold til kjennskap til innehavaren av Marmelade-butikken. Hadde eg vore statsråd, måtte eg nok ha gått av dersom eg ikkje la slike fakta på bordet. No har eg gjort det! Men dette tek ikkje bort det faktum at smekkene er både nyttige og fine. Eg veit i alle fall kvar eg skal kjøpe barselsgåver :)

1 kommentar:

  1. Snille Silje. Ja, du er kjempeinhabil, men jeg er nå takknemlig likevel :)

    SvarSlett