mandag 28. mars 2011

Hentesett eller godt installert heime-jakke?

Kva er eigentleg definisjonen på eit hentesett? Her ser de overdelen til det settet som vart brukt for ganske nøyaktig 6 månader sidan. Jakka (og forsåvidt buksa) passar enno. Byrjar å bli litt kort på armane, då. Er difor i gang med ei ny. Denne gong i grått. Ullsilke som sist. Trur det held med jakka denne gongen. Den har vore veldig mykje i bruk. Er nesten litt tova nederst på armane etter sutting... Kjekt at ein kan ha kos i et klesplagg :) Fint for både meg og han litle at Nøstebarn har laga til 6-12 mnd-størrelse i oppskrifta. Kvifor hentsettoppskrifter finst i så store størrelsar, veit ikkje eg. Eg er i alle fall ferdig med å hente litleguten på sjukehuset for lenge sidan.... Eg veljer å kalla den nye grå jakka: Godt installert heime-jakke :)

2 kommentarer:

  1. Hehe, sant nok:) Et hentesett er jo egentlig bare str. 0-1 mnd:) Jakka ver utrolig fin. Jeg har boka, og ikke sett denne? Tror jeg må hjem og bla gjennom den - enda ei gang:)

    SvarSlett
  2. Du kan nok Nøstebarn-pensumet! Oppskrifta finst nemleg kun på ark til salgs i butikk/nettbutikk. Tippar at dei har laga ho etter boka vart utgjeven, og at ho blir med i neste (håpar eg...!) bok, dersom dei skulle finne på det.

    SvarSlett