onsdag 16. mars 2011

Husmorsyssel: Lang og god tomatsaus


Her om dagen tok eg eit skippertak på kjøkkenet. Det vart produsert 8 kjøttpaiar og 6 boksar med tomatsaus. No ligg dei alle trygt i frysen, klar til å skapa eit enklare middagsliv til dei dagane som krev slikt.

Eg har fleire gonger før laga ein slik  tomatsausbase og frose ned. Er rett og slett hekta! Basen kan brukast til pizza, gryterett, lasagne, pai osv. Er også godt å spe han ut med litt fløyte eller creme fraiche for å få ein litt mildare smak. Når eg lagar lasagne/gryteretter av denne sausen, tilset eg litt vatn. Til pizza er konsistensen slik at ein berre kan smøra rett på botnen.

Eg har ikkje noko detaljert oppskrift, men veit i alle fall kva ingredienser som skal med. Denne gongen brukte eg 8 boksar med hakka tomatar (av billegaste merke). Fire store lauk (hakkast), fire selleristenger (hakkast), fira store raspa gulrøter, litt kvitlauk og olje. Steikjer fyrst dei hakka/raspa grønsakene i olje før dei hakka tomatane blir med i selskapet. Krydrar med salt, pepper, grønsaksbuljongterning (evt. anna godt krydder). Har óg i litt sukker for å mildne av smaken litt. Hell også på ein del olivenolje.

Denne røra skal koka i fleire timar. Rør av og til. Den gode smaken kjem etter kvart. Vatnet frå tomatane skal fordampa, og det skal nesten "setja seg litt i botnen".


Eg har tidligare i år hamstra paibunnpakkar på tikronersmarknad. Paiane vart fylt med kjøttdeig, brokkoli og tomatsaus. Ost på toppen.

No er fryseboksen fylt til randen med gode vitaminer til travle dagar :)

4 kommentarer:

  1. Mmm, såg veldig godt ut! Kanskje en prøvesmak neste uke?! :)

    SvarSlett
  2. såg herlig ut. Lurt å fryse ned. Kanskje burde gjort det jeg også, og fått litt kontroll over de travle dagene?
    ha en flott dag videre!

    SvarSlett
  3. Å,så kjekt. Har tenkt lenge at eg ska laga, så passa fint med ei oppskrift. Mmm!

    SvarSlett
  4. Fedelers: Ja, me kan godt bada i tomatsaus neste veke :)

    Rigmor: Ja, prøv :) Når alt fyrst er blanda, kokar sausen av seg sjølv (med unntak litt røring dersom ein tilfeldigvis skulle gå forbi komfyren!)

    Audi: Ja, kjør på! Eg har aldri angra dei gongene eg har leika storkjøkken.

    SvarSlett