fredag 8. juli 2011

"Fordom og stolthet"


Eg er som kjent ein passiv ven av symaskinen. Denne veka har eg prøvd å ta kontakt igjen. Gamle jernmaskinen har ein tendens å bare ville sy bakover i periodar. Då fell i alle fall motivasjonen min. Eg har med andre ord hatt fordommar den siste tida mot å setje i gang å sy. Etter å ha teke eit rydderaid i hobbyavdelinga mi, ser eg jo at stoffa hopar seg opp. I vinter bestilte eg til dømes ein god del stoff frå Stoff og Stil som eg tenkte å laga eit vattert teppe til å ha i botnen av leikegrinda. Tida gjekk og fordommane mot symaskinen hopa seg opp. I mellomstunda vart veslemann ein "freestyler" på golvet og leikegrinda er brått ikkje like mykje brukt lenger.

Her ein kveld rusta eg meg til kamp, dunka til jernmaskina og fekk ho til å sy framover igjen. Fekk hjelp til å kome i gang med syinga frå framgangsmåten Strikkeprinsessa har lagt ut. Eg valde å ikkje ha kant rundt teppet, slik det er skildra i tutorialen. Eg brukte 35 lappar á 25x25 cm., altså 7x5 ruter. Leikegrindteppet gjekk altså utover sine breiddegrader og vart eit teppe i overkant av 110 cm x 150 cm. Er no ganske stolt! Har allereie klippa ut til eit nytt, litt mindre.

Og så er det bare å venta på at Mr. Darcy skal koma heim i frå jobb. God helg!

8 kommentarer:

  1. Jassåh! Var det du som stakk av med han, he he he =))
    Vakre farger i teppet, der. God grunn til å være stolt =)
    Mvh Siv

    SvarSlett
  2. Oi, Silje, du tar av! Var du i kaffirus i gjerningsøyeblikket? Her sitter vi en liten leilighet med lite skuffer og skap og mange kasser. Trenger å være høy på et eller annet for å komme i gang! (I snilleste betydning)

    SvarSlett
  3. Silje Vanilje: Takk takk!

    Innestemmen: Hehe, ja, han vart visst min ;) Er godt nøgd med fargane.

    Marit: Var nok litt koffein inni biletet ja... Spennande med ny bustad! Kanskje du kan sy nokre lappeteppe og dekkje over alle kassane... Ein måte å unngå realitetane på ;)

    SvarSlett
  4. Nydeleg teppe!! Gler meg til å sjå det neste du held på med. Herleg uro i nokre innlegg under og!

    SvarSlett
  5. Så nydelig teppet ditt ble! Takk for link, veldig hyggelig at TUTen kan brukes:)

    SvarSlett
  6. Dæ va fint! Glede meg t å sjå d live :)

    SvarSlett
  7. Å forresten, lige øveskriftå;)

    SvarSlett