fredag 16. september 2011

....Then we take Berlinnn

Sidan sist har dette hendt: Kamera har vore på reparasjon, eg har vorte student og me har vore på ferie i Berlin.

Alt utanom det midterste er no i boks, fullført og i orden. Studielivet strekk seg naturleg nok over heile hausten. Utfordring å få til å vere både fulltidsstudent og fulltids stay-at-home-mum. Men alt går på eit vis, og kveldane har i det siste blitt brukt meir til lesing og oppgåveskriving enn til kvalitetstid med strikkepinnane. Litt har det vel blitt. Kjem ikkje på noko akkurat nå (...dårleg teikn). Det eg veit, er at eg har ein søt ein, som heng fast i bambuspinnar nr. 4,5. Han manglar øyre og ein arm. Vent og sjå!

Bilda overfor er frå Berlin, kjekkaste storbyen i Europa. Har vore der fire gonger no (3 gonger på langhelger). Denne siste vart oval i begge ender. Gøy for store og små! Turen vart bestilt rundt ei halv veke før me reiste. Akkurat det trur eg kan karakteriserast som rimeleg impulsivt... Eg koste meg med Balzac coffee på kvart gatehjørne. Me leide blant anna syklar i Potsdam og susa gjennom flotte parkar med store slott. Anbefalast. Sykkeltralle til minstemann hadde dei òg.

Eg hadde tenkt meg innom stoffbutikken til Frau Tulpe, men det vart det dessverre ikkje til. Jaja, så lenge Norwegian har direkterute frå Sola til Berlin, er det vel berre å slå til igjen.

3 kommentarer:

  1. Kjekt å få ein liten oppdatering. Høyrtes bra ut med ein helgatur!
    Spennande med studier og minstemann som vekse til... må nok kanskje oppdaterast meir på den fronten snart...

    SvarSlett
  2. Berlin ja, elsker den byen! Og etter å ha bodd der føler jeg meg hjemme der også. Vi hadde oss ei uke i sommer med laugenbrezel, bratwurst og mange andre ting som vi hadde savnet Ü Skulle gjerne reist mange ganger i året!

    Kjempefin bukse under her. Har hatt den i mine favoritter ei god stund Ü

    SvarSlett
  3. Takk for kommentar på bloggen :) dei to luene eg har strikka er etter to varianter av mønsteret. Den største er strikket etter nyeste versjon av mønsteret, og der er det gjort endringer så det ikkje blir wrap and turn to ganger på samme maske. Det gjorde det ganske mye lettere å få vendingene fine :)

    Lykke til, ikke gi opp :)

    SvarSlett