tirsdag 31. januar 2012

I det royale hjørnet

Me har ganske nyleg ommøblert litt i stova. Det skal ikkje så mykje til for å få eit nytt perspektiv på livet. Eg fekk ein lys (nektar å skrive ljos akkurat no) idè om å dra ned uttrekkssenga frå loftet. I utgangspunktet har eg hatt ein draum om å ha ei slik seng på kjøkkenet, men sidan det noverande kjøkkenarealet legg ein dempar på realismen i dette, får senga gå og finna seg andre jaktmarker. Etter vel eit år på gangen på loftet, har ho no kome ned og inn i varmen. Så no har store og små ein triveleg leseplass. Den overhangande faren er å hengje seg fast på midten når ein er ferdig med bibliotektimen. Kong Haakon har ingen planar om å gå ned frå senga. Derimot har han planar om å flytta seg litt lenger opp på veggen. Og då treng han hjelp av ein av undersåttane sine. Og slikt kan ta tid.

lørdag 21. januar 2012

Fjosbuksetass med ansvar for gul løe

Innimellom mine to (aktive) strikkeprosjekt (kjole til meg + barselgåve-kjole), er det kjekt å sveiva i gang symaskina. Etter at eg kjøpte Janomen i haust, har syinga vorte meir og meir lystbetona. Jippi! I denne veka vart ei velurjoggebukse fødd. Enno litt stor til han som er målgruppa (som de ser). Men normalt sett vil jo smågutar vakse til, så eg stressar ikkje direkte med det. Eg tok utgangspunkt i eit mønster i o store børnetøj-boka (lurar på om det heitte elastikbukse??). Fjoset som er med som statist på bileta, er (fjor)årets julegåve til joggebuksemodellen. Kjøpte det på gjenbruksbutikken og pussa det opp med nye fargar. Så her i garden blir det ikkje gjort skilnad på kamel, høne, sau eller elefant. Alle skal på bås uansett om dei kjem frå Noas ark eller julekrubba. Fint det, eigentleg. Dei er sikkert glad for å få endeleg å koma i hus.

torsdag 12. januar 2012

Kalendar: for dei som ikkje har meir plass bak øyra

Kjøpt på Lola's room

2012 er godt i gang. Og ein treng ikkje studera kalendaren for å merke at tida flyg. Likevel kan det vere greitt med ein kalendar. No etter eg har starta så smått på jobb att, ser eg at eg meir og meir vert avhengig av å vite kva dato det er og kva vekedagen heiter. Til og med vekenummer (som eg under studietida aldri brydde meg om), vert viktige når ein skal lage vekeplanar for elevane. Jaja, nok smalltalk om kalendarar. Her er kalenderfangsten min frå o store Etsy. To vart gåver, og ein har eg sjølv på kjøkkenet.


Kjøpt på OliveandRuby
Kjøpt på Square paisley design

På Etsy er mange av kalendarane no på salg. Og det er jo fint for dei som ikkje har kontroll på dato og vekenummer og slikt. Sist eg sjekka var det både mange veker og dagar igjen av året.

mandag 2. januar 2012

På tampen av jula


 
Juletrepynten heng bokstavleg talt i ein tynn tråd her i huset. Men eg trur ikkje han må gå i hi i kveld. Fekk knipsa litt av dei øvste julemarknadskulene som ikkje blitt plukka av med hjelp av yngre krefter i løpet av jula. Ikkje så mykje heimelaga her - utanom candy cane'ane og fine hekla snøkrystallar laga av ei venninne. 

Det er løye (rart/merkeleg) at det er så stor skilnad på at noko som kan vere så kjekt å pakka ut, kan vere så til dei grader kjedeleg å pakka ned att. Trur eg drygar til i morgon og heller fokuserer på det femte kulepunktet av crafting-nyttårsfortsetta mine i kveld.

søndag 1. januar 2012

Nytt innlegg, nytt år og nye sjansar



Godt nyttår!!
Eg tykkjer det er godt at det på ein måte finst nokre avsluttingar og byrjingar i løpet av livet. Naiv (?) som eg er, trur eg at me med eit nytt år òg får nokre nye sjansar til å gjere noko annleis enn året før. Og kanskje betre, dersom det er mogleg. Sjølv om den siste dagen av året i fjor er ganske så lik den fyrste dagen i dette året, sit eg no med litt meir mentale blanke ark enn i går. Det er no vi kan vere glad for at vi (i alle fall eg) ikkje støttar meg til determinismen som trur at ting ikkje kan endrast.

Ein del pakka med nyttårsfortsett og alt det der, er jo å til ein viss grad innsjå at ikkje alt i løpet av året går som planlagt. Men det tenkjer me ikkje på i dag!

På crafting-området har eg òg nokre ambisjonar får året. Så vil det vise seg kor mykje eg dreg i hamn
  • Eg vil prøve å setje av meir tid til å sy. Dette året kan eg ikkje klaga på at eg ikkje har god symaskin. Den kom i fjor haust. Haugen med stoff frå Stoff og stil talar vel òg for seg sjølv. I haust var eg på sykurs med ei venninne. Hadde vore kjekt å ta nokre sykveldar i lag.
  • Eg vil prøve å planleggje barselgåver i litt god tid. Trass alt har ein gjerne fått vite at venninna er gravid minst 6-7 månader før ungen kjem...
  • Eg vil prøve å byrje å starte julegåveproduksjonen før juni. Rart korleis det blir. Trådane vert festa på kvelden 15.desember slik at eg akkurat på tampen når posten sin pakkefrist den 16.
  • Eg vil (igjen) prøve å tære på restegarnet mitt! 
  • Eg vil prøve å strikke (litt) meir til meg sjølv. Og då tenkjer eg ikkje berre huer og vottar og slike småplagg. I skrivande stund har eg faktisk ein kjole til meg sjølv på pinnane, så her har eg faktisk allereie byrja godt.

 Har du nokre nyttårs-craftingambisjonar?  Blogg gjerne di eiga liste (Her kom læraren fram i meg. Liksom: Lag fem "eg vil prøve"-setningar for det nye året. Hehe.).

Og så eit generelt note to self for det nye året:
Ikkje ta fleire studiepoeng.