tirsdag 31. januar 2012

I det royale hjørnet

Me har ganske nyleg ommøblert litt i stova. Det skal ikkje så mykje til for å få eit nytt perspektiv på livet. Eg fekk ein lys (nektar å skrive ljos akkurat no) idè om å dra ned uttrekkssenga frå loftet. I utgangspunktet har eg hatt ein draum om å ha ei slik seng på kjøkkenet, men sidan det noverande kjøkkenarealet legg ein dempar på realismen i dette, får senga gå og finna seg andre jaktmarker. Etter vel eit år på gangen på loftet, har ho no kome ned og inn i varmen. Så no har store og små ein triveleg leseplass. Den overhangande faren er å hengje seg fast på midten når ein er ferdig med bibliotektimen. Kong Haakon har ingen planar om å gå ned frå senga. Derimot har han planar om å flytta seg litt lenger opp på veggen. Og då treng han hjelp av ein av undersåttane sine. Og slikt kan ta tid.

3 kommentarer:

  1. Nice! Hehe, elske det bildet der lille skjønningen henge med beinå t værs og lese, eller ka han gjørr, sjarmerane.com! :) Eg må snart ta meg ein tur t Varhaug. Kan f.eks. neste helg passa (hvis eg ikkje plutselig må jobba)?

    SvarSlett
  2. Åja, du er jo her i distriktet! Neste helg skal me til Kristiansand på besøksrunde og blant anna treffa ny verdensborgar-inne!... Men gjerne helga etter der, eller der igjen. Har ikkje kalenderen i hovudet. Skal sjekka opp :) Kjempevelkommen!! Då kan du og Mr. P. ligga og lesa i det royale hjørnet...

    SvarSlett
  3. Åh, dokk e heldige som ska på besøk t Kr.sand t vakre mennesker, og den nye verdensborgerinnen e nydelige! :D Glede meg allerede t å lesa med Mr. P i det royale hjørnet og å se dokk igjen! går altfor lange tid mellom kver gang eg ser dokk....God klem fra meg og snowy Stavanger

    SvarSlett