torsdag 12. januar 2012

Kalendar: for dei som ikkje har meir plass bak øyra

Kjøpt på Lola's room

2012 er godt i gang. Og ein treng ikkje studera kalendaren for å merke at tida flyg. Likevel kan det vere greitt med ein kalendar. No etter eg har starta så smått på jobb att, ser eg at eg meir og meir vert avhengig av å vite kva dato det er og kva vekedagen heiter. Til og med vekenummer (som eg under studietida aldri brydde meg om), vert viktige når ein skal lage vekeplanar for elevane. Jaja, nok smalltalk om kalendarar. Her er kalenderfangsten min frå o store Etsy. To vart gåver, og ein har eg sjølv på kjøkkenet.


Kjøpt på OliveandRuby
Kjøpt på Square paisley design

På Etsy er mange av kalendarane no på salg. Og det er jo fint for dei som ikkje har kontroll på dato og vekenummer og slikt. Sist eg sjekka var det både mange veker og dagar igjen av året.

2 kommentarer:

  1. Den falt så i smak! Gleder meg til å henge den opp i det nye huset :)

    SvarSlett
  2. Så fine kalenderar! Eg enda opp med å kjøpe meg ein lite fin, men praktisk familiekalender på den lokale bokhandelen...tenkte ikkje på å leite på internett ein gong...

    SvarSlett