søndag 1. januar 2012

Nytt innlegg, nytt år og nye sjansar



Godt nyttår!!
Eg tykkjer det er godt at det på ein måte finst nokre avsluttingar og byrjingar i løpet av livet. Naiv (?) som eg er, trur eg at me med eit nytt år òg får nokre nye sjansar til å gjere noko annleis enn året før. Og kanskje betre, dersom det er mogleg. Sjølv om den siste dagen av året i fjor er ganske så lik den fyrste dagen i dette året, sit eg no med litt meir mentale blanke ark enn i går. Det er no vi kan vere glad for at vi (i alle fall eg) ikkje støttar meg til determinismen som trur at ting ikkje kan endrast.

Ein del pakka med nyttårsfortsett og alt det der, er jo å til ein viss grad innsjå at ikkje alt i løpet av året går som planlagt. Men det tenkjer me ikkje på i dag!

På crafting-området har eg òg nokre ambisjonar får året. Så vil det vise seg kor mykje eg dreg i hamn
  • Eg vil prøve å setje av meir tid til å sy. Dette året kan eg ikkje klaga på at eg ikkje har god symaskin. Den kom i fjor haust. Haugen med stoff frå Stoff og stil talar vel òg for seg sjølv. I haust var eg på sykurs med ei venninne. Hadde vore kjekt å ta nokre sykveldar i lag.
  • Eg vil prøve å planleggje barselgåver i litt god tid. Trass alt har ein gjerne fått vite at venninna er gravid minst 6-7 månader før ungen kjem...
  • Eg vil prøve å byrje å starte julegåveproduksjonen før juni. Rart korleis det blir. Trådane vert festa på kvelden 15.desember slik at eg akkurat på tampen når posten sin pakkefrist den 16.
  • Eg vil (igjen) prøve å tære på restegarnet mitt! 
  • Eg vil prøve å strikke (litt) meir til meg sjølv. Og då tenkjer eg ikkje berre huer og vottar og slike småplagg. I skrivande stund har eg faktisk ein kjole til meg sjølv på pinnane, så her har eg faktisk allereie byrja godt.

 Har du nokre nyttårs-craftingambisjonar?  Blogg gjerne di eiga liste (Her kom læraren fram i meg. Liksom: Lag fem "eg vil prøve"-setningar for det nye året. Hehe.).

Og så eit generelt note to self for det nye året:
Ikkje ta fleire studiepoeng.

4 kommentarer:

  1. Ønsker deg et godt nytt år. Så får vi se hva året bringer, om vi får gjort noe mer av det vi tenker.

    SvarSlett
  2. Eg ville satt mange av dei same måla som du :) For min eigen del må eg prøve å gjere ferdig allereie påbegynte prosjekt :) Forresten fine fargar på bildet øverst. Er det pickles' høstvest til fest? Godt nyttår!

    SvarSlett
  3. Takk! Biletet ein haustvest eg gjorde om til gensar.
    Har blogga om han her: http://tilgagn.blogspot.com/2011/05/hstvest-med-lange-armar-gensar.html

    Hadde ikkje nokon spenstige 2012-bilete, så difor vart det eit lite tilbakeblikk i dag.

    SvarSlett
  4. Synes du hadde fine mål der =)

    Klem Siv

    SvarSlett