lørdag 4. februar 2012

Vandrande ullteppe

Hugsar de lista om nyttårsfortsetta mine? Eit av dei var at eg skulle prøve å strikke noko til meg sjølv. Mykje av det som vert produsert her i heimen blir oftast gjevne i gåver. Og det er jo vel og bra. Men no vart det altså strikkaren sjølv sin tur å få eit plagg. Det har vore ei skummel "reise" mot ferdig produkt. Kjolen er langt frå lytelaus, men han heng no saman på eit vis. Undervegs merka eg frykten for at størrelsa skulle bli frykteleg feil. Lenge såg han for stor ut. Og for å sei det slik: Utan at eg hadde laga holrad til å ha tråd i for å strama inn kjolen, trur eg det hadde vore snakk om ein stor alpakkafiasko. Han er nok i største laget. Men heldigvis funkar det greit å bruke ei eller anna form for snor eller belte.

Ganske så direkte inspirasjonen til å lage denne, fekk eg i eit innlegg  på bloggen Hekta på strikk. Innlegget hadde eg lagra som bokmerke for ei stund sidan, og fann det att seint i haust då det var tilbod på Drops Alpakka. Tusen takk, Siren for den gode ideen om å gjere om oppskrifta frå jakke til kjole! Jakka det er teke utgangspunkt i, finn de her.

Med dette plagget i boks, er det allereie eit nytt på gang. Denne gongen med nøstebarngarn og pinne nr. 2,5 og 3. Går litt seinare, kan du sei. Men som eg har sagt før: Alt har sin tid.

God lørdag! Eg skal ut og erobra vinterkvelden i ullteppet mitt.

7 kommentarer:

  1. Som eg sa på basaren: VEldig fin! Knallfin fasong! Fekk mest ikkje snakka med deg i dag, men du veit, busy foreningsdamer er ikkje spøk. Me får ta det igjen! Spent på kva neste prosjekt er!!

    Fornøgd med gevinsten?! :S

    SvarSlett
  2. Gevinsten var vel lang for mottakaren. Dynetrekk på 220 cm på barnetrekning... Men som mamma sa: Han får vel ha det med seg når han ska flytta på hybel - om vel 18 år, eller noko :)

    Neste prosjekt skal kringkastast etter kvart. Det er i barselgata.

    SvarSlett
  3. Grattis med ny kjole! Superfin! Ser ikkje for stor ut. Og veldig kult med gule strømper til:-)

    SvarSlett
  4. WOW! Så fin den ble på deg:) Utrolig kjekt at du ble inspirert av kjolen min:) Synes den satt som et skudd, og kan overhode ikke se at den er for stor. Ha en strålende dag:) Hilsen Siren

    SvarSlett
  5. Sooo fine den va Silje :) Ser ut som et lite evighetsprosjekt. Planlegge å strikke nåke til mej sjøl ej og, men ja.. Sitte litt langt inne..
    Klem

    SvarSlett
  6. Så flott den er!
    Hehe, jeg kjenner en mann som kaller kona si for en vandrende ullsokk, -og det når ho går i en kjole som jeg har strikket... Hrmf...

    SvarSlett