søndag 22. april 2012

Reprise på tomatbasen

Det er rart med det; når ein bloggar tek ein bilete langt nedi maten. Og når vekene fyk, og bileta endeleg vert lagt over på pcen, er halve herlegheita oppeten. Eg har blogga om denne smørja før og ho er så genial at eg viar ho spalteplass nok ein gong. Framgangsmåten finn du her om du skulle ha god tid og ingrediensane tilgjengeleg, samt plass i fryseboksen.

Det eg til no har brukt av denne ladninga, har blitt til pizza. Ganske ok å tenkje på at både selleri og gulrøter har stupa ned i gryta og blitt til pizza-materiale.

torsdag 5. april 2012

Påskebodskap oppå ein bolle


Me er i påskeveka. Det er sikkert mange som er på fjellet eller andre stader, men her i heimen "held me fortet" utan bil. Og då kan det bakast! I alle fall litt, no når sandkasse-sanden er blaut. Det vart eit brett med 12 engelske påskebollar i forsøk på å laga noko som kunne peila meg inn i påskemodus. Halverte denne oppskrifta frå bloggen Marias salt og søtt. Resultatet vart ganske ok. Eg brukte målebeger for å måle vekt, så det vart nok litt "på slomp". Mangla noko av krydderet som skulle oppi, men kompenserte med dei eg hadde i skapet. Neste gong ville eg kanskje hatt dei litt søtare. Dei vart litt semi-rundstykke, om de skjønar kva eg meinar. Men med Millom-brunosten min, kan vel dette gå godt?