Påska nærmar seg og eg har laga eit reir for trappa/terassen. Enkel sak, men krev berre litt tid og eit minstemål av musklar. På same måte som trappetreet, er det lurt gå i gang med eit slikt prosjekt før blada sprett.
Du treng:
(Levande) kvistar (gjerne bjørk for større volum)
Tynn ståltråd.
Utstyr:
Lita hagesaks
Gummihanskar (dette prosjektet slit litt på hendene).
- Ein startar med å lage ein ring av nokre kvistar (forskyv den eine noko i forhold til den neste). Når du tykkjer at lengda er fin, samlar du han til ein ring med ståltråden.
- Vidare byggjer ein på, lag for lag. Eg ville ha mitt reir høgare enn breitt, difor bygde eg på kransen på toppen og ikkje på sidene.
- Når kransen er stor nok, kan du vurdere om du skal fletta inn nokon form for pynt. Eg brukte nokre lerkekvistar med konglar på.
- Fest ståltråden på undersida.
Så då er det berre å gå tre på seg regnbuksa og ta turen ut i skogen væpna med hagesaks.
Lukke til!