mandag 28. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Pebble-vest


Oppskrift: Pebble-vest fra The Thrifty Knitter
Garn: Drops alpakka, dobbelt garn
Pinne: Usikker. Tipper ca. 4-5. (Sånt skjer når ein let strikketøy liggje umontert)
Str: Passar til litleguten på 5 mnd. (og oppover)
Terningkast: 6
Kommentar: Enkelt prosjekt! Det er skummelt at vesten har blitt liggjande så lenge utan knappar...

Anbefalar alle andre (som har fleire handarbeid som ligg på vent) å setje i gang et Prosjekt F E R D I G eller liknande. Me treng litt press på oss. Altfor mange uferdige prosjekt gjer at ein blir sitjande med dårleg samvit når ein startar på noko nytt. Og slik skal det ikkje vere. Nye prosjekt skal vere kos!

Eg har i alle fall dei siste vekene fått fullført meir enn det eg hadde drøymt om :)

søndag 27. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Nøstebarnvest


Denne vesten har blitt liggjande lenge utan frontparti. Grunnen er uviss. Av og til går ein vel berre litt lei. No er han imidlertid både ferdig strikka, har blitt montert og fått søte små kofteknappar festa på seg. Vesten må vere fornøgd med sin strikkande skapar som endeleg tok opp tråden igjen...

Oppskrift:Babyundertrøye frå Strikk til nøstebarn-boka (Reknar med at alle kjenner til den)
Str: Uvisst. Trur han best kan passa 6-12 mnd.
Garn: Juvel (trur eg. Kjøpt på garnutsalet til Sandnesgarn)
Pinne: 4
Terningkast: 4
Kommentar: Kjekk og nyttig vest. Har strikka ein tidligare i tynnare garn (alpakka).Denne gongen har eg prøvd meg med både tjukkare garn og pinnar.
Eg klussar litt med kva som er rett- og kva som er vrangsida når eg skal strikka den delen i fronten som overlappar kvarandre. Trur det vart litt feil på eine sida (at vrangsida kom på rettsida, om de skjønar). Men han litle som skal gå med vesten har heldigvis ikkje greie på slikt. Eg strikkar frimodig vidare!

fredag 25. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Lita grå jakke


Mønster: Sandnesgarn – hefte nr. 1010
Garn: Sandnes kashmiralpakka
Pinnar: 5 og 5,5
Str.: 6-12 mnd.
Terningkast: 5
Kommentar: Denne jakka var svært enkel å strikke. Eg har aldri prøvd å strikke ei jakke ved å byrje oppe ved halsopninga, men dette viste seg å vere kjempelurt. Det einaste som var litt negativt/merkeleg, tykkjer eg, var at det langs ”raglan-aukinga” vart litt store hol.

Eg må nok vente nokre månadar ennå før eg kan tre jakka på den litle poden. Me får anten satsa på rask vekst eller kald sommar...

Mønster og garn er kjøpt på Krims og Krans på flataste Jæren. Gøy butikk, forresten.

Ps: Dei som er veldig observante har merka at det framleis manglar ein knapp nederst. I følgje oppskrifta skulle det kun vere tre knapper øvst. Det tykte eg virka litt femi. Tenkte at eg skulle ha fem knappar. Men undervegs vart det visst 6 knapphol. Det skal seiast at eg no har vore to gonger og kjøpt ein enkelt knapp til å ha nederst. Kvar gong har han blitt lagt på ein "lur" plass. Siste innkjøp var i går. Knappen er no sporlaust vekke. Dette vitnar om dårleg knappeomsorg.

God helg til alle med og utan strikkepinnar!

torsdag 24. februar 2011

Torsdagsraid på Etsy

Vekene går fort! Plutseleg vart det torsdag igjen. Denne vekas Etsyfunn er eg svært fornøgd med. Bare sjå over!! Spekteret går frå det nyttige til det unyttige. Kva bruker ein slike flotte muffinsar til? For fin til å bruke som leikemat eller nålepute. Dersom noko likar sjokoladekake betre, sjekk ut linken under. Trepyramiden ser både fin og nyttig ut på ein og same tid. Tåler sikkert ein støyt. Det spørs då om parketten tåler det same...
Fuglenåler frå Moloco
Pyramideleike av tre frå Littlesaplingtoys
Tøymuffins frå ViviansKitchen
Garn farga for hand frå Portfiber
Babysko frå BabyThingsByJessica

søndag 20. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Autobahn-skjerf

Prosjekt F E R D I G går sin gang i her i heimen. No har eit skjerf fått livsrett etter fleire år i uferdig tilstand. Eg byrja på det sommaren 2008 då me og eit vennepar køyrde på den endelause "landeveg" i Tyskland i full speed. For å få tankane over på andre ting enn farten, hekla eg. Difor Autobahn-skjerf.

Heldigvis var det ikkje så mykje som skulle til for å fullføra det. (Eg trur) det er hekla i babyull frå Spar Kjøp. Oppskrifta finn de gratis tilgjengeleg på nettet på Hendes Verden sine sider.

fredag 18. februar 2011

Prosjekt F E R D I G: Hekla vernesko

Skal du laga deg vernesko, må du hekla med dobbelt raggegarn. Endeleg er tøflane ferdige og trådane festa. Dei blir nok ikkje gitt bort i gåve, eg får slita med dei sjølv. Men etter å ha teke dei i bruk, kjenner eg at dei ikkje er så verst likevel. Dei fleste ulukker skjer i heimen. No er i alle fall føtene mine trygge og varme... Godt fotfeste har eg óg.

torsdag 17. februar 2011

Torsdagsraid på Etsy

 I dag har eg fordjupa meg i ymse prints. Mange fine. Tekst i glas og ramme er undervurdert.
  1. You and me... frå Bangbangyourthread
  2. Fødselsdagsfakta frå AppleBlossomPrint
  3. Bryllupsdagsfakta frå AppleBlossomPrint
  4. Grøne fuglar frå Jenskelley
  5. Monogram frå Jenskelley