Me har ganske nyleg ommøblert litt i stova. Det skal ikkje så mykje til
for å få eit nytt perspektiv på livet. Eg fekk ein lys (nektar å skrive
ljos akkurat no) idè om å dra ned uttrekkssenga frå loftet. I
utgangspunktet har eg hatt ein draum om å ha ei slik seng på kjøkkenet,
men sidan det noverande kjøkkenarealet legg ein dempar på realismen i
dette, får senga gå og finna seg andre jaktmarker. Etter vel eit år på
gangen på loftet, har ho no kome ned og inn i varmen. Så no har store og
små ein triveleg leseplass. Den overhangande faren er å hengje seg fast
på midten når ein er ferdig med bibliotektimen. Kong Haakon har ingen
planar om å gå ned frå senga. Derimot har han planar om å flytta seg
litt lenger opp på veggen. Og då treng han hjelp av ein av undersåttane
sine. Og slikt kan ta tid.

Nice! Hehe, elske det bildet der lille skjønningen henge med beinå t værs og lese, eller ka han gjørr, sjarmerane.com! :) Eg må snart ta meg ein tur t Varhaug. Kan f.eks. neste helg passa (hvis eg ikkje plutselig må jobba)?
SvarSlettÅja, du er jo her i distriktet! Neste helg skal me til Kristiansand på besøksrunde og blant anna treffa ny verdensborgar-inne!... Men gjerne helga etter der, eller der igjen. Har ikkje kalenderen i hovudet. Skal sjekka opp :) Kjempevelkommen!! Då kan du og Mr. P. ligga og lesa i det royale hjørnet...
SvarSlettÅh, dokk e heldige som ska på besøk t Kr.sand t vakre mennesker, og den nye verdensborgerinnen e nydelige! :D Glede meg allerede t å lesa med Mr. P i det royale hjørnet og å se dokk igjen! går altfor lange tid mellom kver gang eg ser dokk....God klem fra meg og snowy Stavanger
SvarSlett