Sist helg var me på Sørlandet. Der trefte me ei lita sjel me ikkje hadde møtt før. Og ho fekk Myk Start-kjole (vest i boka) i svakrosa silkealpakka frå drops. Den litle eigaren bryr seg heilt sikkert om det, men mora kan sikkert vere interessert i at kjolen bør vaskast med andakt (!).
Elles er eg litt i symodus. Har klippa opp stoff til fire puter no. Enkelt og greitt. Passar på ein fredag når helga slår inn.
No står forresten vinterferien òg ute på trappa. Trur eg får gå og sleppa han inn.
God ferie/helg til deg!
fredag 17. februar 2012
søndag 5. februar 2012
Sunday, sunday people
I dag har me hatt litt slekt på middagsbesøk. Pølser og pizzahorn med salat kunne passa for store og små. Det er rart korleis det er - sjølv om huset var i orden og helgevaska på torsdag, er det mykje som må ordnast før det er presentabelt på sundagen. Lurar på om andre folk òg føler at dei må drive å rydde og vaske så voldsomt i timane før eg kjem på besøk...? For det treng dei ikkje! (Hint hint til de som får helgebesøk av oss snart).
I snøveret var det herleg å halde seg innandørs. Men no kjenner eg at bekymringa kjem snikande om korleis eg skal kome seg på jobb i morgon tidleg dersom snøkrana ikkje vert skrudd av der oppe. Kan fort bli kaos på vegane.
Apropos kaos. Under ser de eit utsnitt av stovegolvet etter dagens party. Det vitnar om eit visst nivå av leikeglede, men òg om eit tilsvarande høgt nivå av etterarbeid.

lørdag 4. februar 2012
Vandrande ullteppe
Hugsar de lista om nyttårsfortsetta mine? Eit av dei var at eg skulle prøve å strikke noko til meg sjølv. Mykje av det som vert produsert her i heimen blir oftast gjevne i gåver. Og det er jo vel og bra. Men no vart det altså strikkaren sjølv sin tur å få eit plagg. Det har vore ei skummel "reise" mot ferdig produkt. Kjolen er langt frå lytelaus, men han heng no saman på eit vis. Undervegs merka eg frykten for at størrelsa skulle bli frykteleg feil. Lenge såg han for stor ut. Og for å sei det slik: Utan at eg hadde laga holrad til å ha tråd i for å strama inn kjolen, trur eg det hadde vore snakk om ein stor alpakkafiasko. Han er nok i største laget. Men heldigvis funkar det greit å bruke ei eller anna form for snor eller belte.
Ganske så direkte inspirasjonen til å lage denne, fekk eg i eit innlegg på bloggen Hekta på strikk. Innlegget hadde eg lagra som bokmerke for ei stund sidan, og fann det att seint i haust då det var tilbod på Drops Alpakka. Tusen takk, Siren for den gode ideen om å gjere om oppskrifta frå jakke til kjole! Jakka det er teke utgangspunkt i, finn de her.
Med dette plagget i boks, er det allereie eit nytt på gang. Denne gongen med nøstebarngarn og pinne nr. 2,5 og 3. Går litt seinare, kan du sei. Men som eg har sagt før: Alt har sin tid.
God lørdag! Eg skal ut og erobra vinterkvelden i ullteppet mitt.

tirsdag 31. januar 2012
I det royale hjørnet
Me har ganske nyleg ommøblert litt i stova. Det skal ikkje så mykje til
for å få eit nytt perspektiv på livet. Eg fekk ein lys (nektar å skrive
ljos akkurat no) idè om å dra ned uttrekkssenga frå loftet. I
utgangspunktet har eg hatt ein draum om å ha ei slik seng på kjøkkenet,
men sidan det noverande kjøkkenarealet legg ein dempar på realismen i
dette, får senga gå og finna seg andre jaktmarker. Etter vel eit år på
gangen på loftet, har ho no kome ned og inn i varmen. Så no har store og
små ein triveleg leseplass. Den overhangande faren er å hengje seg fast
på midten når ein er ferdig med bibliotektimen. Kong Haakon har ingen
planar om å gå ned frå senga. Derimot har han planar om å flytta seg
litt lenger opp på veggen. Og då treng han hjelp av ein av undersåttane
sine. Og slikt kan ta tid.
lørdag 21. januar 2012
Fjosbuksetass med ansvar for gul løe
Innimellom mine to (aktive) strikkeprosjekt (kjole til meg + barselgåve-kjole), er det kjekt å sveiva i gang symaskina. Etter at eg kjøpte Janomen i haust, har syinga vorte meir og meir lystbetona. Jippi! I denne veka vart ei velurjoggebukse fødd. Enno litt stor til han som er målgruppa (som de ser). Men normalt sett vil jo smågutar vakse til, så eg stressar ikkje direkte med det. Eg tok utgangspunkt i eit mønster i o store børnetøj-boka (lurar på om det heitte elastikbukse??). Fjoset som er med som statist på bileta, er (fjor)årets julegåve til joggebuksemodellen. Kjøpte det på gjenbruksbutikken og pussa det opp med nye fargar. Så her i garden blir det ikkje gjort skilnad på kamel, høne, sau eller elefant. Alle skal på bås uansett om dei kjem frå Noas ark eller julekrubba. Fint det, eigentleg. Dei er sikkert glad for å få endeleg å koma i hus.
torsdag 12. januar 2012
Kalendar: for dei som ikkje har meir plass bak øyra
![]() |
| Kjøpt på Lola's room |
![]() |
| Kjøpt på OliveandRuby |
![]() |
| Kjøpt på Square paisley design |
På Etsy er mange av kalendarane no på salg. Og det er jo fint for dei som ikkje har kontroll på dato og vekenummer og slikt. Sist eg sjekka var det både mange veker og dagar igjen av året.
mandag 2. januar 2012
På tampen av jula
Juletrepynten heng bokstavleg talt i ein tynn tråd her i huset. Men eg trur ikkje han må gå i hi i kveld. Fekk knipsa litt av dei øvste julemarknadskulene som ikkje blitt plukka av med hjelp av yngre krefter i løpet av jula. Ikkje så mykje heimelaga her - utanom candy cane'ane og fine hekla snøkrystallar laga av ei venninne.
Det er løye (rart/merkeleg) at det er så stor skilnad på at noko som kan vere så kjekt å pakka ut, kan vere så til dei grader kjedeleg å pakka ned att. Trur eg drygar til i morgon og heller fokuserer på det femte kulepunktet av crafting-nyttårsfortsetta mine i kveld.
Abonner på:
Innlegg (Atom)