lørdag 4. februar 2012

Vandrande ullteppe

Hugsar de lista om nyttårsfortsetta mine? Eit av dei var at eg skulle prøve å strikke noko til meg sjølv. Mykje av det som vert produsert her i heimen blir oftast gjevne i gåver. Og det er jo vel og bra. Men no vart det altså strikkaren sjølv sin tur å få eit plagg. Det har vore ei skummel "reise" mot ferdig produkt. Kjolen er langt frå lytelaus, men han heng no saman på eit vis. Undervegs merka eg frykten for at størrelsa skulle bli frykteleg feil. Lenge såg han for stor ut. Og for å sei det slik: Utan at eg hadde laga holrad til å ha tråd i for å strama inn kjolen, trur eg det hadde vore snakk om ein stor alpakkafiasko. Han er nok i største laget. Men heldigvis funkar det greit å bruke ei eller anna form for snor eller belte.

Ganske så direkte inspirasjonen til å lage denne, fekk eg i eit innlegg  på bloggen Hekta på strikk. Innlegget hadde eg lagra som bokmerke for ei stund sidan, og fann det att seint i haust då det var tilbod på Drops Alpakka. Tusen takk, Siren for den gode ideen om å gjere om oppskrifta frå jakke til kjole! Jakka det er teke utgangspunkt i, finn de her.

Med dette plagget i boks, er det allereie eit nytt på gang. Denne gongen med nøstebarngarn og pinne nr. 2,5 og 3. Går litt seinare, kan du sei. Men som eg har sagt før: Alt har sin tid.

God lørdag! Eg skal ut og erobra vinterkvelden i ullteppet mitt.

tirsdag 31. januar 2012

I det royale hjørnet

Me har ganske nyleg ommøblert litt i stova. Det skal ikkje så mykje til for å få eit nytt perspektiv på livet. Eg fekk ein lys (nektar å skrive ljos akkurat no) idè om å dra ned uttrekkssenga frå loftet. I utgangspunktet har eg hatt ein draum om å ha ei slik seng på kjøkkenet, men sidan det noverande kjøkkenarealet legg ein dempar på realismen i dette, får senga gå og finna seg andre jaktmarker. Etter vel eit år på gangen på loftet, har ho no kome ned og inn i varmen. Så no har store og små ein triveleg leseplass. Den overhangande faren er å hengje seg fast på midten når ein er ferdig med bibliotektimen. Kong Haakon har ingen planar om å gå ned frå senga. Derimot har han planar om å flytta seg litt lenger opp på veggen. Og då treng han hjelp av ein av undersåttane sine. Og slikt kan ta tid.

lørdag 21. januar 2012

Fjosbuksetass med ansvar for gul løe

Innimellom mine to (aktive) strikkeprosjekt (kjole til meg + barselgåve-kjole), er det kjekt å sveiva i gang symaskina. Etter at eg kjøpte Janomen i haust, har syinga vorte meir og meir lystbetona. Jippi! I denne veka vart ei velurjoggebukse fødd. Enno litt stor til han som er målgruppa (som de ser). Men normalt sett vil jo smågutar vakse til, så eg stressar ikkje direkte med det. Eg tok utgangspunkt i eit mønster i o store børnetøj-boka (lurar på om det heitte elastikbukse??). Fjoset som er med som statist på bileta, er (fjor)årets julegåve til joggebuksemodellen. Kjøpte det på gjenbruksbutikken og pussa det opp med nye fargar. Så her i garden blir det ikkje gjort skilnad på kamel, høne, sau eller elefant. Alle skal på bås uansett om dei kjem frå Noas ark eller julekrubba. Fint det, eigentleg. Dei er sikkert glad for å få endeleg å koma i hus.

torsdag 12. januar 2012

Kalendar: for dei som ikkje har meir plass bak øyra

Kjøpt på Lola's room

2012 er godt i gang. Og ein treng ikkje studera kalendaren for å merke at tida flyg. Likevel kan det vere greitt med ein kalendar. No etter eg har starta så smått på jobb att, ser eg at eg meir og meir vert avhengig av å vite kva dato det er og kva vekedagen heiter. Til og med vekenummer (som eg under studietida aldri brydde meg om), vert viktige når ein skal lage vekeplanar for elevane. Jaja, nok smalltalk om kalendarar. Her er kalenderfangsten min frå o store Etsy. To vart gåver, og ein har eg sjølv på kjøkkenet.


Kjøpt på OliveandRuby
Kjøpt på Square paisley design

På Etsy er mange av kalendarane no på salg. Og det er jo fint for dei som ikkje har kontroll på dato og vekenummer og slikt. Sist eg sjekka var det både mange veker og dagar igjen av året.

mandag 2. januar 2012

På tampen av jula


 
Juletrepynten heng bokstavleg talt i ein tynn tråd her i huset. Men eg trur ikkje han må gå i hi i kveld. Fekk knipsa litt av dei øvste julemarknadskulene som ikkje blitt plukka av med hjelp av yngre krefter i løpet av jula. Ikkje så mykje heimelaga her - utanom candy cane'ane og fine hekla snøkrystallar laga av ei venninne. 

Det er løye (rart/merkeleg) at det er så stor skilnad på at noko som kan vere så kjekt å pakka ut, kan vere så til dei grader kjedeleg å pakka ned att. Trur eg drygar til i morgon og heller fokuserer på det femte kulepunktet av crafting-nyttårsfortsetta mine i kveld.

søndag 1. januar 2012

Nytt innlegg, nytt år og nye sjansar



Godt nyttår!!
Eg tykkjer det er godt at det på ein måte finst nokre avsluttingar og byrjingar i løpet av livet. Naiv (?) som eg er, trur eg at me med eit nytt år òg får nokre nye sjansar til å gjere noko annleis enn året før. Og kanskje betre, dersom det er mogleg. Sjølv om den siste dagen av året i fjor er ganske så lik den fyrste dagen i dette året, sit eg no med litt meir mentale blanke ark enn i går. Det er no vi kan vere glad for at vi (i alle fall eg) ikkje støttar meg til determinismen som trur at ting ikkje kan endrast.

Ein del pakka med nyttårsfortsett og alt det der, er jo å til ein viss grad innsjå at ikkje alt i løpet av året går som planlagt. Men det tenkjer me ikkje på i dag!

På crafting-området har eg òg nokre ambisjonar får året. Så vil det vise seg kor mykje eg dreg i hamn
  • Eg vil prøve å setje av meir tid til å sy. Dette året kan eg ikkje klaga på at eg ikkje har god symaskin. Den kom i fjor haust. Haugen med stoff frå Stoff og stil talar vel òg for seg sjølv. I haust var eg på sykurs med ei venninne. Hadde vore kjekt å ta nokre sykveldar i lag.
  • Eg vil prøve å planleggje barselgåver i litt god tid. Trass alt har ein gjerne fått vite at venninna er gravid minst 6-7 månader før ungen kjem...
  • Eg vil prøve å byrje å starte julegåveproduksjonen før juni. Rart korleis det blir. Trådane vert festa på kvelden 15.desember slik at eg akkurat på tampen når posten sin pakkefrist den 16.
  • Eg vil (igjen) prøve å tære på restegarnet mitt! 
  • Eg vil prøve å strikke (litt) meir til meg sjølv. Og då tenkjer eg ikkje berre huer og vottar og slike småplagg. I skrivande stund har eg faktisk ein kjole til meg sjølv på pinnane, så her har eg faktisk allereie byrja godt.

 Har du nokre nyttårs-craftingambisjonar?  Blogg gjerne di eiga liste (Her kom læraren fram i meg. Liksom: Lag fem "eg vil prøve"-setningar for det nye året. Hehe.).

Og så eit generelt note to self for det nye året:
Ikkje ta fleire studiepoeng.

fredag 30. desember 2011

Shabby eller ikkje? Etsyanske julemerkelappar


Etsy er gøy. Det har de høyrt før. Eg trur ikkje det er mange i mitt nettverk som aldri har høyrt meg trekkje fram Etsy i ein eller anna samanheng. Og Etsy er nyttig. I alle fall i førjulstida kor ein kan gjere unna litt "julestri" på nettet. I år kom det både ein del julegåver og jule-equipment flygande over både Atlanterhavet, Nordsjøen og kanskje andre sjøar òg. Kva veit vel eg om flyrutene... Kanskje dei tek ein sving over Lappland?

 
I år la eg planar for julegåvemerkelappar allereie i slutten av november. Valet fall på desse lappane Etsybutikken  
Sånn stilmessig er eg eigentleg ikkje så shabby, men akkurat desse syntest eg passa godt til gråpapir som innpakkingspapir.


Alle bileta er henta frå Etsybutikken til Shabby Pea Design.

Og så var det berre note to self til neste år:
Bestill merkelappane litt tidlegare enn 20.november slik at skuldrene ikkje går høgare opp enn nødvendig...